Gründerne

Første episode
I den første episoden av Gründerne nedanfor (lengde 28:21) utforskar programleiaren Christian Strand kva som er ein god idé, og om han sjølv kan kome på sin eigen forretningsidé. Han besøkjer også NM for ungdomsbedrifter. Vidare møter vi både gründeren bak læringsspelet Kahoot og gründerbedrifta Grippx, som utviklar eit verktøy til storvilt-jakt.
Andre episode
Ein nøkkel til å lykkast som gründer er å kjenne marknaden sin. I episoden nedanfor (lengde 28:59) møter vi Espen Kopperud, som er gründeren bak brillemerket Frank Walton. Med brillemerket Frank Walton ønskjer han å utfordre den norske brillemarknaden. Vi møter òg kvinnene bak eit billeoppdrettsfirma, som får hjelp av ein kokk til å teste ut ulike matretter med biller. Samtidig held Christian fram med å teste ut gründerideen sin.
Tredje episode
Det er hardt arbeid å satse som gründer. I episoden nedanfor (lengde 28:27) testar Christian ut prototypar til gründerprosjektet sitt. Vi møter òg personane bak det som tidlegare var den norske strøymetenesta Vidflow. Vi følgjer dei i oppstartsfasen, då dei trong pengar og jobba med å hente inn kapital via folkefinansiering.
Fjerde episode
Draumen for gründerar er å gjere suksess med forretningsideen sin. Nedanfor ser me den siste episoden (lengde 29:13) kor Christian prøver å selje gründerproduktet sitt inn for investorar på Oslo Innovation Week. Apple-gründer Steve Wozniak gir òg sin dom over ideen til programleiaren. I tillegg møter vi skaparane av klesmerket Onepiece.