Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Om skriftleg eksamen i engelsk

Veit du kva som ventar deg på eksamen? Her får du nyttig informasjon om eksamen og tips til korleis du kan førebu deg.

Eksamensrettleiing og eksamenstrening på NDLA

I emnet About English finn du nyttig informasjon om eksamen og oppgåver som liknar dei du møter på eksamensdagen. Dei fleste av desse oppgåvene har fasit eller ei løysingsrettleiing. Vi trur ressursane vil vere til stor hjelp for deg i arbeidet fram mot eksamen!

Informasjon om eksamen på Udirs nettsider

Skriftleg eksamen i engelsk blir gitt sentralt og er den same for elevar i heile Noreg. Det er lurt å gjere seg kjend med ressursane som ligg på Utdanningsdirektoratets nettsider for eksamen. Der finn du generell informasjon om eksamen, eksamensrettleiing med vurderingskriterium, og dessutan tidlegare gitte eksamensoppgåver som du kan bruke for å øve. Gjer du deg godt kjend med det som ventar, kan eksamensdagen bli mindre stressande.

Sidan oppgåvene hos Udir ikkje har fasit, kan det vere lurt å alliere seg med nokre andre i klassen, med læraren eller med andre du veit er flinke i engelsk, når du skal jobbe med oppgåvene. Då kan de diskutere det som er vanskeleg, og finne løysingar saman.

Lenker til aktuelle nettsider

Passord for oppgåvene på Udir

Du treng passord for å komme til oppgåvene hos Udir. Dette passordet blir endra frå tid til anna. Søk på nettet, eller spør læraren din for å få det nyaste passordet. Passordet våren 2026 er "Eksamen".

Kva slags oppgåver kan du vente å få?

Det er fire typar oppgåver på eksamen:

1. Lytting og lesing

Denne delen av eksamen består av lese- og lytteoppgåver. Du skriv ikkje svar sjølv, men vel frå ulike alternativ. Svara på denne delen av eksamen blir vurderte automatisk. For at denne oppgåvetypen skal kunne seie noko konkret om kompetansen din, må du svare på mange. Denne delen av eksamen består derfor av eit større tal korte oppgåver.

2. Vidareformidling av innhald

Her skal du lese eller lytte til ein tekst. Så skal du skrive din eigen tekst basert på det du har lese eller høyrt. Du kan bli beden om å skrive tekstar i ulike sjangrar, til dømes referat, e-post, brev og så vidare. Teksten du skal skrive, skal som regel vere på mellom 100 og 250 ord.

3. Samhandling

Her skal du gi eit svar på noko du har lese eller høyrt. Det kan vere ein diskusjon, eit foredrag, eit lesarbrev eller noko anna. Det som er viktig her, er at du viser at du forstår det du har lese eller høyrt, og at du kan bygge vidare på det. Du skal vise at du kan ta omsyn til det andre seier, og få fram kva du sjølv meiner. Svaret du skriv, skal som regel vere på mellom 100 og 250 ord.

4. Skriftleg produksjon

Skriftleg produksjon går ut på at du skal skrive ein lengre tekst om eit gitt emne. Du skal bruke det du har lært i faget, og vise at du kan tenke kritisk og reflektere. Du kan velje mellom fleire oppgåver, vanlegvis blir det gitt fire forskjellige.

Hugs at du igjennom året har lært å skrive fleire ulike typar tekstar, og at du bør få med det som er karakteristisk for den teksttypen du blir beden om å skrive. Det blir som regel ikkje sagt kor lang denne teksten bør vere, men ei lengd på mellom 600 og 850 ord er vanleg.

Korleis kan du førebu deg?

Dagane før eksamen bør du repetere sentrale tema og tekstar du har gått gjennom i løpet av året. Du bør òg gå gjennom korleis du best strukturer ein tekst (introduksjon, hovuddel, konklusjon), og korleis du kan bruke bindeord for å gjere innhaldet klarare. I tillegg bør du sjå på eventuelle grammatiske problem du veit at du slit med. Lag gjerne ei liste over ting du bør hugse på, og ha ho framme mens du skriv svaret ditt.

Kva hjelpemiddel har du lov til å bruke?

Skriftleg eksamen i engelsk blir gjennomført i sikker nettlesar. (Safe Exam Browser – SEB). Det betyr at du har avgrensa tilgang til hjelpemiddel på eksamensdagen.

  • Alle ressursane på pc-en din vil bli stengde. Du vil altså ikkje ha tilgang til filer og digitale notat under eksamen. Du får kun tilgang til enkelte digitale hjelpemidler som er tilgjengelige via lenker i oppgavesettet.

  • Dei digitale ordbøkene, som Ordnett og Clarify, vil vere tilgjengelege dersom skulen din har brukarlisensar. Øv deg i å bruke den digitale ordboka som er tillaten til eksamen, slik at du får mest mogleg ut av ho på sjølve eksamensdagen.

  • Du kan bruke alt av ikkje-digitale hjelpemiddel, til dømes ordbok, lærebok eller eigne notat (på papir).

  • Du må skrive svaret ditt rett inn i tekstboksen. Du kan ikkje kladde i eit anna program og så klippe ut og lime inn svaret. Tekstboksen har stavekontroll for engelsk.

  • Du har ikkje lov til å kommunisere med andre under eksamen. Det betyr at du ikkje kan bruke mobiltelefon, samskriving, chat eller liknande. Du har ikkje lov til å bruke omsettingsprogram eller kunstig intelligens.

Øv deg på å oppgi kjelder

Når du bruker kjelder, er det viktig at du oppgir dei i ei kjeldeliste. Du skal vise at du kan bruke kjelder på ein god måte, så bruk litt tid på å lage kjeldeliste. Alle eksamenssvara blir kontrollerte for . Bruker du kjelder utan å oppgi dei, kan det ha konsekvensar for vurderinga av svaret ditt.

Øv på å føre kjelder rett slik at du blir kjend med korleis dette skal gjerast. Bruk gjerne Kildekompasset for å finne ut korleis du oppgir kjelder på rett måte, eller besøk NDLAs nettsider om kjeldebruk. Har du til dømes brukt noko du hugsar frå læreboka, bør du oppgi ho som kjelde. Hugs at det berre er kjelder andre kan finne igjen og sjekke, som skal vere med i ei kjeldeliste. "Læraren sa det" eller "mitt eige hovud" skal derfor ikkje vere med på kjeldelista.

Pass på at alt du skriv ut frå pc-en, har tydeleg kjeldetilvising. Då veit du kvar informasjonen kjem frå, og kan vise til kjeldene på rett måte i svaret ditt.

Skrive av Tone Hesjedal og Anna Maria Holvik.
Sist oppdatert 04.05.2026