Munnleg eksamen - Engelsk (SF) - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Munnleg eksamen

Munnleg eksamen i engelsk gir deg gode moglegheiter til å vise fram kompetansen din i faget. Det kan opplevast litt skummelt å bli trekt ut, men hugs at sensorane er på di side og ønske å legge til rette for at du skal få vist fram det du kan.

Kven lagar eksamen?

Eksamensoppgåvene blir laga av lærarane på skulen din i samarbeid med eksterne sensorar. Læraren din veit kva de har jobba med i faget, og vil lage oppgåver som tek utgangspunkt i det. Når hen lagar oppgåva, veit ikkje læraren kven av elevane som har komme opp til eksamen. Læraren din er ein av dei to sensorane som er med under eksamen. Den andre sensoren er vanlegvis tilsett ved ein annan skule, og vi seier at denne sensoren er ekstern.

Når får eg vite om eg kjem opp?

Du får vite faget du kjem opp i, 48 timar før eksamen blir halden. Då bør du begynne å sjå på pensumlista frå året og tenke gjennom kva du hugsar frå dei ulike temaa de har jobba med. 24 timar før eksamen får du vite tema for eksamen. Dette vil gjere det tydelegare kva du bør bruke resten av førebuingstida til. Førebuingsdagen er ein obligatorisk skuledag, der du må vere på skulen i minst tre klokketimar. Ein lærar, aller helst faglæraren din, skal vere til stades og organisere førebuingsdagen. Du kan gjerne stille spørsmål til faglæraren om eksamen.

Kor lang førebuingstid har eg?

Det er berre arbeidsdagar som tel med i førebuingstida. Dersom du får vite faget på ein torsdag, blir eksamen halden på den følgande måndagen. Får du vite faget på ein fredag, er måndag førebuingsdag og eksamen blir halden tysdag.

Kor lang er eksamen?

Munnleg eksamen i engelsk varer i 30 minutt totalt. Sensorane kan ikkje, til dømes, dele ut ein lyttetekst og be deg høyre gjennom han før du kjem inn til fagsamtale; lytteoppgåva skal vere ein del av dei 30 minutta. Det same gjeld om du skal halde ein presentasjon, snakke om eit bilete eller lese ein tekst og snakke om han.

Kva slags spørsmål vil eg få?

Eksamen er laga for at du skal få vise kva du kan. Ingen er opptekne av å avsløre kva du ikkje kan. Hugs at sensorane er på di side. Ikkje ver redd for å be om å få spørsmål forklart på ein annan måte eller å stille spørsmål om kva som dei meiner med eit spørsmål. Om det er noko du ikkje veit svaret på, kan du prøve å styre samtalen over på eit emne der du kjenner deg tryggare.

Når får eg vite karakteren?

Det er vanleg at sensorane ber deg om å vente utanfor mens dei har ein samtale. Deretter blir du kalla inn igjen for å få vite karakteren din. Du har rett til å få ei munnleg grunngiving for eksamensresultatet.

Kan eg klage?

Dersom du meiner at gjennomføringa av eksamen ikkje har vore rett, kan du klage på dette. Det er berre formelle feil som gir grunnlag for å klage – at du er misfornøgd med vurderinga eller at du ikkje likte oppgåvene, gir ikkje grunnlag for klage. Dersom du får medhald i ei klage, blir eksamenskarakteren annullert. Engelsk er eit trekkfag i vidaregåande, så då skal fag trekkast på nytt.

Kvar kan eg finne meir informasjon?

Kvart fylke utarbeider sine eigne reglar for gjennomføring av munnleg eksamen. Desse reglane er baserte på rundskriv og reglar som Utdanningsdirektoratet har laga. Søk på "munnleg eksamen + namn på fylket ditt" for å finne reglane som gjeld deg, eller gå inn på Utdanningsdirektoratets nettsider for å lese om munnleg eksamen der.

Skrive av Tone Hesjedal.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2024