Varmepumpas virkemåte - Energi- og styresystem (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Varmepumpas virkemåte

Ei varmepumpe består av ei inne-eining og ei ute-eining. I inne-eininga har vi ein kondensator, medan vi i ute-eininga har ein fordampar, ein kompressor og ein ventil. Vi skal sjå nærare på korleis desse fungerer saman.

Først litt om montering

Her ser vi for oss at vi skal montere ei luft-til-luft varmepumpe i ein bustad. Det er nokre faktorar som er viktige å tenkje på når det gjeld plassering:

Sirkulasjon

Inne-eininga skal kunne tilføre luft til store delar av bustaden. Det er derfor viktig at pumpa blir plassert på eigna stad. Døme kan vere trappeoppgang, gong eller opphaldsrom. Ute-eininga skal stå fritt, anten på vegg, på bakken eller på taket. Ute-eininga vil òg gi frå seg vatn, så vi må sørgje for at dette blir avleidd på ein god måte.

Klima og effekt

Gjer ei vurdering av klimaet på der varmepumpa skal monterast og kor mykje effekt ho kan levere i forhold til areal i den aktuelle bustaden.

Støy-nivå

Det er viktig at inne-eininga ikkje lagar for mykje støy i opphaldsrom, det vil verke sjenerande. Vi ønskjer heller ikkje å plassere ute-eininga på ein tilhaldsstad. Vel ein støysvak modell dersom varmepumpa skal monterast der ein oppheld seg.

Røyr-føring

Det skal trekkjast to røyr/slange-føringar mellom einingane. Det eine røyret fører gass inn i huset, medan det andre fører væske ut av huset. Vi ønskjer at desse røyr-føringane skal vere korte, både med tanke på effekten til varmepumpa og reint visuelt sett. Vi monterer gjerne derfor einingane på kvar si side av ein av ytterveggene på bustaden. Finn eit godt alternativ for føring gjennom vegg. La gjerne røyra gå i PVC-røyr gjennom veggen, dette må då vere vinkla slik at det har fall ut av huset. Utfør isolering av gjennomføring i vegg i etterkant, her skal det ikkje vere luft-lekkasje. Det vil óg kunne dannast kondens på ulike røyr-typar, gjer tiltak for å unngå at vatn trekkjer inn i bustaden sin konstruksjon. Legg isolering rundt røyr-føringane utendørs, då får du betre kontroll på kondensen, samt at effekten til varmepumpa blir betre. For å beskytte røyra godt brukast det kabelkanalar, dette ser óg finare ut.

Straum

Varmepumpa treng 230 volt for å fungere. Gjer deg kjend med straumnettet i bustaden der den skal plasserast, og samt vern og straumforbruk på aktuell kurs.

Dei 4 delane

Ei varmepumpe består hovudsakleg av 4 delar. Teikninga syner korleis dei teoretisk sett fungerar. Sirkulasjonen er ei lukka sløyfe, der gassen skiftar mellom å vere i gass-form og i væske-form. Vi har òg endringar i trykk, der temperaturen aukar under trykk og blir kaldare når trykket blir senka.

  1. Fordamparen: Her ligg væska i botnen. Væska har såvidt høgare kokepunkt enn ute-temperaturen og byrjar derfor å fordampe når ute-tempraturen stig med nokre grader. Væska blir no til gass og blir trekt ut av fordamperen. Her er det ikkje mange grader celcius (over temperaturen til væska) som skal til.
  2. Kompressoren: Består av ein sylinder og eit stempel. Stempelet trekker seg heilt ut og gassen som kjem frå fordamperen blir samtidig trekt inn i sylinderen. Når sylinderen er fylt med gass blir han lukka, stempelet blir no pressa inn i sylinderen. Mengda med gass blir no pressa saman inni sylinderen, dette fører til at trykket og temperaturen til gassen aukar. Dette kallast å komprimere, derav namnet kompressor. Når stempelet er pressa heilt inn blir sylinderen opna og slepp gassen ut i slangen/røyret som går inn i huset.
  3. Kondensatoren: Vi ser på inne-eininga som ein kondensator, namnet kjem av at gassen kondenserar, den blir til væske. Når den komprimerte gassen kjem inn i kondensatoren vil han ha veldig høg temperatur, denne varmen vil no bli gitt frå seg i rommet. Temperaturen i gassen blir no senka meir og meir, etterkvart som han gir frå seg varme. Når temperaturen har komme ned til kokepunktet, som er rett over temperaturen i rommet, blir den til væske som samlar seg i botnen av kondensatoren. Vi kan seie at kondensatoren fungerer motsett av fordamparen.
  4. Ventilen: Væska som kjem frå kondensatoren har høgt trykk og temperaturen er for høg for å sendast til fordamparen. Jobben til ventilen er dermed å sleppe ut trykket frå væska, då blir òg temperaturen senka. Vi kan seie at ventilen gjer det motsette av det kompressoren gjer. Væska blir no send tilbake til fordamperen for ein ny runde i sløyfa.

Ventilen og kompressoren utfører motsette oppgåver, men jobbar òg saman for å justere trykket og dermed temperaturen. Som kjent så hengjar trykk og temperatur saman, kokepunktet påverkast òg av dette. Derfor har vi høgare kokepunkt i kondensatoren enn i fordamperen. I fordamperen er det ideelt at væsketempraturen er rett under ute-temperaturen, medan kokepunktet til væska er rett over. I konsensatoren er det ønskjeleg at gass-temperaturen er langt over inne-temperaturen og at kokepunktet til gassen er rett over. Det er derfor viktig at kompressoren og ventilen jobbar saman for å oppnå dette. Det blir kravd litt elektrisk straum for å drive varmepumpa, men mykje mindre enn til dømes oppvarming med panelomn. Vi kan dermed seie at varmepumpa har høg vinningsgrad.

Skrive av Dag Olav Lereim.
Sist fagleg oppdatert 15.07.2020