Straumrekninga
Du finn god informasjon på internett om korleis du kan kjøpe straum, og kva leverandør som er billigast. Til dømes har Forbrukarrådet ei bra nettside der du finn det meste du treng å vite om straum. Du kan òg enkelt samanlikne prisar frå alle tilbydarane der:
Forbrukarrådets nettsider om straum
Straumrekninga består grovt sett av tre postar: nettleige, straumforbruk og avgifter.
Nettleige
Nettleige er prisen du betaler for å få transportert straumen frå leverandør og fram til huset ditt. Det er det lokale e-verket som skal ha denne avgifta. Nettleiga skal dekke drift og vedlikehald av straumnettet. Du betaler altså for sikker straumleveranse.
Meir informasjon om nettleige finn du på desse sidene:
Noregs vassdrags- og energidirektorat: artikkel "Kva er nettleige?"
Forbrukarrådets ordliste om straum: oppslagsord "Nettleie"
Straum
Kraftprisen er prisen du betaler for 1 kilowattime straum. Prisen avheng av forholdet mellom tilbod og etterspurnad på den internasjonale kraftmarknaden. Tilgangen på elektrisk kraft kan variere mykje, og prisane varierer tilsvarande.
Du kan kjøpe kraft til spotpris, som er ein variabel pris som følger marknaden. Ei anna moglegheit er å velje fastpris. Inngår du ein fastprisavtale, vil leverandøren ta eit større påslag i kraftprisen slik at han garderer seg mot høge straumprisar. Fordelen med fastpris er at du får ei meir føreseieleg straumrekning.
Avgifter
Det meste som blir omsett i Noreg, er belagt med 25 prosent meirverdiavgift (moms), ei avgift som går til staten. Det gjeld òg for straum. I tillegg til moms betaler du elavgift. Denne avgifta går til straumrelatert forsking og internasjonalt samarbeid, til enøk-arbeid osb.