Start- og stoppbrytarar - Energi- og styresystem (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Start- og stoppbrytarar

Brytarar er typiske signalgivarar i automatiserte system. Her kan du lese om impulsbrytarar for start, stopp og naudstopp.

Startbrytar

Ein startbrytar er ein impulsbrytar og er normalt open NO (normally open). Han blir brukt til å slutte krinsen. Brytaren er fjørbelasta, og vil gå tilbake til utgangsposisjon så fort ein slepper brytaren. For at denne skal nyttast rasjonelt, må vi ha haldefunksjon. Dette blir forklart seinare.

Stoppbrytar

Stoppbrytaren er ein impulsbrytar som er normalt lukka NC. (normally closed) Han blir brukt til å bryte ein krins. Denne brytaren er også fjørbelasta, men vil bryte krinsen med ein gong ved betening.

Naudstoppbrytar

Naudstopp bruker vi til å stoppe ei maskin dersom det oppstår ein naudsituasjon. Han skal fungere slik at hovudstraumkrinsen blir broten, og ikkje koplar seg inn att når du deaktiverer naudstoppknappen.

Skrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2018