Referansesystemet - Energi- og styresystem (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Referansesystemet

For å identifisere komponentar i montasjesystema blir dei merkte i eit såkalla referansesystem. Referansesystemet blir definert av NEK321-325.

Systemet er bygd opp av inntil 4 blokker.
Blokk 1 bruker = (likskapsteikn) som kjenneteikn og fortel noko om funksjon eller plassering. Døme kan vere eit motoranlegg.

Blokk 2 bruker + (plussteikn) som kjenneteikn og fortel noko om kvar ein komponent eller eit apparat er plassert. Døme kan vere eit vekselstraumsskap.

Blokk 3 bruker – (minusteikn) som kjenneteikn og fortel noko om kva type eller ei nummerering. Døme kan vere ein kontaktor.

Blokk 4 bruker : (kolon) som kjenneteikn og fortel noko om tilførselen eller tilkoplinga til komponenten. Døme kan vere eit tilkoplingspunkt på kontaktoren.

Døme: =Motoranlegg1 +VA1 -Q1 : 4

som oppgjev tilkoplingspunkt :4 på kontaktor -Q1

som står i vekselstraumsskap +VA1 som tilhøyrer =Motoranlegg1.

I praksis vil vi støyte på ulike variantar av dei normerte systema, altså at dei er baserte på dette referansesystemet.

Døme

Du har fått i oppdrag å sjekke ein stopp-brytar i eit elektrisk anlegg for dreieretningsvendar. Sentralrommet som møter deg har 25 forskjellege koblingsskap og det er første gong du befinn deg på området. Du vil no dra nytte av referansesystemet. Kvart skåp er merka med kva system det tilhøyrer, du kan nå raskt identifisere rett skåp. Du finn óg raskt stopp-brytaren som er montert i døra. Etter litt feilsøkjing finn du ut at stopp-brytaren er deffekt (øydelagt), og kan byte denne.

Etter at anlegget er testa kan du melde attende at = Motoranlegg 1 + VA1:S0 er skifta, og at anlegget fungerar som normalt igjen.

Merkepraksisen er noko ulik, der firma utfører sin eigen type merking. Fysisk plassering kan til dømes óg være med som ein del av merkinga.

Skrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017