Potensialet for vasskraft - Energi- og styresystem (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Potensialet for vasskraft

I dag utnyttar vi knapt 30 prosent av det teoretiske vasskraftpotensialet i verda på 15 800 TWh. Kor mykje av det resterande potensialet det er lønnsamt å bruke, er noko usikkert, men det er ingen tvil om at vi framleis har store ubrukte vasskraftressursar i verda.

Potensialet for vasskraft i verda

Potensialet for vasskraft er størst i Asia, Latin-Amerika og Nord-Amerika, kontinenta der energibehovet aukar mest. Modernisering og utviding av eksisterande anlegg er mogleg i mange i-land. Anlegg kan tilpassast ulike behov og forhold i området og utnyttast i prosjekt av ulik storleik og form.

Økonomisk vasskraftpotensial

Mens det teoretiske vasskraftpotensialet i verda er på 15 800 TWh, viser siste (og beste) tilgjengelege statistikk i World Atlas & Industry Guide frå The International Journal on Hydropower and Dams at verda har eit økonomisk vasskraftpotensial på 9 624 TWh. Førebels, per 2020, er det bygd ut omtrent 4 400 TWh.

Potensialet for vasskraft i Noreg

Noregs totale teoretiske vasskraftpotensial er over 600 TWh viss vi hadde utnytta kvart einaste vesle vassfall til kraftproduksjon (NVE, 2020). Det er naturlegvis ikkje praktisk mogleg, i tillegg til at det ville vorte møtt med reaksjonar og fått miljøkonsekvensar.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) anslår eit teknisk-økonomisk potensial for vasskraft i Noreg på 216 TWh. Dette er eit potensial der både tekniske aspekt og lønnsemd er tekne med i reknestykket. Av dette er omtrent 64 prosent (ca. 138 TWh) allereie bygde ut eller under utbygging og 23 prosent (ca. 50 TWh) varig verna mot kraftutbygging. Ein stor del av dei resterande 13 prosentane (ca. 28 TWh) er det i prinsippet mogleg å byggje ut, men det vil ikkje nødvendigvis bli gitt løyve. Det må avgjerast gjennom konsesjonsbehandling av søknad, der særleg miljøverknader vil vege tungt.

Opprusting og utviding av gamle vasskraftverk

Noko av potensialet for meir kraft kan hentast ut ved opprusting og utviding av gamle kraftverk. NVE jobbar med å ha oversikt over potensialet for opprusting og utviding (O/U) av vasskraftverk til kvar tid.

Nokre ordforklaringar baserte på NVEs faktaark om O/U (Henriksen et al., 2020, s. 2):

  • Opprusting og utviding av vasskraftverk dekkjer tiltak som modernisering, effektivisering, oppgradering og ombygging.

  • Opprusting er tiltak for å effektivisere kraftverket og redusere energitapet i vassvegen.

  • Utvidingar er tiltak som utnyttar meir vatn, eller utnyttar fallhøgda betre. Dette kan gjerast ved å overføre nye nedbørsfelt til eksisterande magasin, auke fallhøgda eller redusere flaumtapa.

Vasskraft i Noreg

Den viktigaste energikjelda vår

Noreg har det ideelle naturlandskapet for vasskraft: store nedbørsmengder, store høgdeforskjellar i landskapet og mange og store innsjøar. Derfor er også vasskraft den viktigaste energikjelda i Noreg i dag. Ho dekkjer omtrent 95 prosent av elektrisitetsbehovet vårt, noko som svarer til heile 60 prosent av det totale energibehovet vårt. Utan vasskraft kunne vi ikkje eksportert like mykje petroleum som vi gjer i dag.

Europas fornybare batteri

Det er omtrent 4 000 vassdrag i Noreg i dag, og 25–30 prosent er utnytta til kraftføremål. Vi liker å seie at vi er Europas fornybare batteri, fordi vi kan lagre store mengder energi som vatn i magasina. Dette kan brukast når ein skulle ha behov for det, og er lett å "lade opp" igjen ved naturleg tilsig. Det som er litt spesielt med Noreg, er at vi ofte byggjer magasina langt unna sjølve kraftstasjonen, for så å overføre vatn frå magasinet fram til kraftstasjonen gjennom tunnelar eller røyr. Dette gjer at vi kan plassere magasinet der det er mest gunstig, og kraftverket der det er stor høgdeforskjell.

Kraftutbygging og -produksjon

Den norske kraftutbygginga har vore mest omfattande i Sør-Noreg, der behovet også har vore størst. Noreg har til saman 18 innsjøar med eit areal som er større enn 50 kvadratkilometer; heile 13 av desse blir brukte som reguleringsmagasin. Av dei ti høgaste fossane våre er sju utbygde. Det er 50 TWh som er verna mot kraftutbygging, og 28 TWh er ikkje tekne i bruk. Ein TWh er ein milliard kWh.

Det er verdt å merke seg at 90 prosent av kraftproduksjonen er statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt eigd. Berre ti prosent er privat. Eit døme på ei privat bedrift er Hydro. Den største kraftprodusenten er staten ved selskapet Statkraft.

Dersom du ønskjer å vite meir om vasskraftpotensialet i Noreg, kan du lese om vasskraft på NVE.

Fordelar med vasskraft

  • Energien som blir produsert, er for det første heilt miljøvenleg og vil på sikt bidra til å motverke global oppvarming og avgrense uttømminga av jordas lagerressursar.

  • Gjennom regulering av vassdrag kan vasskraft også vere med på å redusere sårbarheita vår for tørke og flaum.

  • Av alle teknikkar for kraftproduksjon har vasskraft den høgaste verknadsgrada, den lengste levetida og blant dei lågaste klimagassutsleppa.

Ulemper med vasskraft

  • I hovudsak kjem det økologiske fotavtrykket til vasskraft som ein eingongseffekt ved utbygginga, men denne kan også føre til store naturinngrep som kan skade det biologiske mangfaldet, og verke sjenerande. Eit døme er fisk, som får problem fordi dyra han lever av, slit med å tilpasse seg forandringar i miljøet. Desse forandringane kjem av at vassmengda i regulerte elvar og reservoar kan variere kraftig. Utbygging er mykje omdiskutert i Noreg, og det er ofte interessekonfliktar knytte til fisk, spesielt laks. For å unngå skadar i størst mogleg grad er det viktig at vi har ei minstevassføring som sikrar nok vatn, og restriksjonar på raske endringar i vassføringa, som kan føre til stranding.

  • Etter kvart som folketalet aukar, og det blir større mangel på vatn i verda, blir det viktigare å sjå vasskraft i samband med matproduksjon, vassforsyning og industriproduksjon. Vatnet må disponerast slik at det ikkje berre tener kraftproduksjon, men også matproduksjon og annan industri.

  • Økonomi kan vere ei utfordring på ulike stadium. Vasskraftverk er kapitalintensive, og utbygging inneber derfor ein stor økonomisk risiko. Problemet er størst for u-landa, med tanke på dei store investeringane dei må gjere, og den lange tilbakebetalingstida. Usikre kraftprisar i framtida er også ein økonomisk faktor som kan tale mot vasskraft.


Kjelder

Henriksen, M. E., Østenby, A. M. & Skau, S. (2020). Hva er egentlig potensialet for opprusting og utvidelse av norske vannkraftverk? (NVE Faktaark 6/2020). Noregs vassdrags- og energidirektorat. https://publikasjoner.nve.no/faktaark/2020/faktaark2020_06.PDF

Noregs vassdrags- og energidirektorat. (2020, 6. oktober). Hvor mye kraft kan vi få ved oppgradering og utvidelse av kraftverkene? https://nve.no/nytt-fra-nve/nyheter-energi/hvor-mye-kraft-kan-vi-fa-ved-oppgradering-og-utvidelse-av-kraftverkene/

UngEnergi. (2022, 24. februar). Hva er vannkraft. https://ungenergi.no/energikilder/hav-og-vannkraft/hva-er-vannkraft/

Rettshavar: UngEnergi
Sist fagleg oppdatert 24.03.2022