Kjemisk helsefare - Energi- og styresystem (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kjemisk helsefare

Det er veldig viktig at du veit kva kjemikaliar du jobbar med, fordi kjemiske stoff kan vere skadelege.
Film som vis uhell ved arbeid med kjemikaliar. Video: Industriskolen / CC BY-SA 4.0

Kjemiske stoff kan påverke helsa på fleire måtar:

  • Akutte forgiftingar gjennom innanding og/eller opptak gjennom hud og/eller slimhinner
  • Overømfintlegheits- eller allergiske reaksjonar i hud og/eller slimhinner
  • Etseskadar i hud eller slimhinner
  • Langsiktige skadar i form av til dømes hjerneskade eller kreftsjukdom.

Faremomenter og vernetiltak

Du må vere klar over faremomenta og kva vernetiltak som er nødvendige.

Råd:

  • Om mogleg bruk stoff som gir minst mogleg helseskade.
  • Lær å forstå kva faresymbola på merkeetiketten betyr.
  • Gjer deg kjend med HMT-databladet for dei kjemiske stoffa du nyttar, og vern deg slik databladet gir beskjed om.

Oppbevaring

I verksemd der giftige eller andre helsefarlege stoff blir framstilte, pakka, brukte eller oppbevarte på ein måte som kan innebere helserisiko, skal arbeidsprosessane og arbeidet elles vere fullt forsvarleg slik at arbeidstakarane er sikra mot ulykker, helseskadar eller særleg ubehag, sjå stoffkartotek.

Hos Arbeidstilsynet.no finn ein informasjon om kva eit stoffkartotek er, oppdatering av stoffkartotek og tilgjenge til stoffkartotek.

Merking

Behaldarar og emballasje for stoffa skal vere tydeleg merkte med namn på stoffa og åtvaring på norsk.

Forskrift om merking av farlige kjemikalier (lovdata.no), seier at farekodar, faresymbol og advarselssetningar skal nyttast ved merking av farlege kjemikalier.

Føre register

Verksemda skal føre register over slike stoff som listar namn på stoffet, samansetjing, fysikalske og kjemiske eigenskapar og opplysningar om moglege giftverknader (toksikologiske data), risikomoment, førebyggjande tiltak og førstehjelpsbehandling. Verksemda skal ha det nødvendige utstyret for å hindre eller motverke helseskadar på grunn av stoff.

Slike farlege stoff skal ikkje brukast dersom dei kan erstattast med stoff som er mindre farlege for arbeidstakarane.

Internkontroll

I verksemd som framstiller, pakkar, bruker eller oppbevarer giftige eller helsefarlege stoff på ein måte som kan innebere helserisiko, skal det utførast fortløpande kontroll med arbeidsmiljøet og helsa til arbeidstakarane.

Direktoratet for arbeidstilsynet

Direktoratet for arbeidstilsynet gir nærare reglar for prøvemetode, omfang og hyppigheit av undersøkingane og om rapportering av resultata. Direktoratet kan dessutan krevje at arbeidsgivaren skal gjere spesielle undersøkingar eller levere prøvar til undersøking.

Kjemikalieforskrifta skal sikre at arbeidstakernes tryggleik og helse beskyttast mot fare som kan oppstå på grunn av kjemikalier i bedriften.

Sjå meir om kjemikalier hos Arbeidstilsynet.no.

Skrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 30.08.2018