Nettverkskabel - Elektroniske krinsar og nettverk (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Nettverkskabel

Når vi seier nettverkskabel, meiner vi som oftast ein kabel med åtte tynne koparleiarar. Leiarane er bunta saman parvis og tvinna saman (Twisted Pair eller TP). Derav namnet tvinna parkabel eller berre TP-kabel. Slike kablar blir brukte mykje i datanettverk og er for det meste enkle å arbeide med.

I denne teksten vil vi hovudsakleg snakke om nettverkskabel med tvinna koparleiarar. Men vi kjem òg innom fiberkabel, som er den andre hovudtypen kabel som blir brukt i datanettverk, mot slutten av teksten.

Tvinna parkabel (Wikipedia)

Støy og kabelskjerming

Koparleiarar som ber elektriske signal, stråler ut elektromagnetisk støy. Denne støyen kan forstyrre signala som går i dei andre leiarane i kabelen (crosstalk). Koparleiarane kan òg påverkast av ekstern støy.

Slike forstyrringar kan gjere at innhaldet i datapakka som blir sendt over kabelen, får feil i seg. Datapakkane må då sendast på nytt, og det skaper forseinkingar og vi får redusert overføringskapasitet. Når trådpara blir tvinna, slik som i ein "Twisted Pair"-kabel, blir mykje av denne støyen eliminert. Kvart par i kabelen har ulik revolvering (talet på tvinningar per centimeter med kabel). Det er viktig å behalde mest mogleg av denne revolveringa når vi arbeider på enden av kabelen, til dømes når vi set på plugg eller han blir terminert i nettverksuttak eller patchpanel.

Dei fleste nettverkskablane har inga ekstra skjerming. I område med mykje ekstern elektromagnetisk støy, eller i ein TP-kabel som skal ha høg fart (10Gbit), finst det nettverkskabelversjonar der kvart par med leiarar eller heile kabelen er beskytta med metallfolie eller fletta skjerming. Lista under viser dei vanlegaste typane skjerming av TP-kabel.

Namn

Skjerming av heile kabelen

Skjerming av enkeltpar

U/UTP (vanleg TP-kabel)

Inga

Inga

U/FTP

Inga

Folie

F/UTP

Folie

Inga

F/FTP

Folie

Folie

S/UTP

Fletta skjerming*

Inga

S/FTP

Fletta skjerming*

Folie

*Fletta skjerming gir kabelen meir fleksibilitet og lett jording. Vernet mot elektromagnetisk støy kan vere dårlegare enn for folieskjerma kabel.

Kabeltypar og fart

TP-kabel var ein vidareutvikling av telefonkablar og har forandra seg mykje dei siste tiåra. For å halde orden på kva kablar som toler kva fart og lengd, er det laga eit kategorisystem. Kablar må følgje spesifikasjonane til den kategorien kabelen er klassifisert innan.

Kategori

Bandbreidd

Fart

Makslengde kabel

Pluggtype

Cat 5*

100 MHz

100 Mbit

100 m

8P8C (RJ45)

Cat 5e

100 MHz

1 Gbit

100 m

8P8C (RJ45)

Cat 6

250 MHz

10 Gbit**

100 m

8P8C (RJ45)

Cat 6a

500 MHz

10 Gbit

100 m

8P8C (RJ45)

Cat 7a

1 GHz

10 Gbit

100 m (skjerma)

GG45, TERA

Cat 8

2 GHz

40 Gbit

30 m (skjerma)

8P8C (RJ45)

Kommentarar til tabellen

*Cat 5 blei forbigått av Cat 5e i 2001, det er derfor berre i eldre installasjonar at slike kablar finst i dag.

**Cat 6 støttar opp til 10 Gbit fart, men viss kabelen er uskjerma kan kabelen berre vere opp til 55 meter lang på 10Gbit.

*** Cat 7a er ikkje ratifisert og i liten bruk. Krev skjerming av kabel. Brukar primært GG45 kontakt, som er ein bakover-kompatibel plugg til RJ45.

**** Cat 8 vil komme i fleire klassar og vil vere tilpassa korte trekk i datasenter og nettverksryggrad. Krev skjerming av kabel.

For nye installasjonar er Cat 6 og Cat 6a dei mest vanlege. Desse kablane gir god kapasitet for dei fleste brukstilfelle og har ein akseptabel pris. For høgare fart, nettverksryggrad og lengre avstandar blir brukte fiber.

For nedgraving eller utebruk er det eigne variantar av desse kablane som har ein meir slitesterk og UV-bestanding ytterisolasjon.


POE (Power Over Ethernet)

Ein fordel med bruk av TP-kabel er at kabelen i tillegg til datasignal òg kan levere mindre mengder straum til utstyr. Til dømes IP-telefon, kamera, aksesspunkt og alarmklokker.

POE kan gjerast passivt, der fire av åtte leiarar blir dedikerte til straum og ein injektor fører inn straum på dei riktige leiarane. Passiv POE har svakheita at han kan skade nettverksskort og svitsjportar viss POE-straum blir send mot einingar som ikkje er laga for det. Farten blir òg avgrensa, sidan fire av leiarane blir tekne opp til å levere straum.

I dag er aktiv POE meir vanleg. Her blir straum fordelt på alle leiarar. På mottakarsida blir straumen filtrert bort frå datasignalet. Aktiv POE kjem i fleire standardar. Til felles har dei at POE-straum berre blir levert etter ei handhelsing, der spenning og straummengd blir avtalt mellom avsendar og mottakar. Dette gjer at utstyr som ikkje støttar POE trygt kan bruke ein aktiv POE-port på ein svitsj. .

Patchepanel

Patchepanel blir brukt som eit sentralt samlingspunkt for kabling i større bygg der det er mange nettverkspunkt over større område. Alle kablar som går ut til desse punkta blir kopla til på baksida av eit patchepanel og blir terminert med kroneverktøy.

Vi nyttar så patchekabel til å kople saman patchepanelet og svitsjen. Dette gir oss fleksibilitet slik at vi kan rokere om på det kabla nettet, og det gjer det enklare å byte ut eksisterande utstyr.

Kabelgater

Kabelgater bruker vi når vi skal trekkje éin eller fleire kablar over same distanse. Grunnen til at vi nyttar kabelgater, er at vi då får ein strukturert og ryddig måte å distribuere kabla nett ut i lokala på. Kabelgater finst i mange typar og storleikar, heilt frå tynne, små kabelgater for få kablar, til store, tunge løysingar med plass til mangfaldige kablar.

Kabelgater er ikkje mykje brukt i private heimar, men er vanleg hos bedrifter og på kontor. Kabelgater har den fordelen at vi òg kan trekkje andre typar kablar i dei, ikkje berre nettverkskablar. Audio/video-kabling og straum er døme på dette.

Koplingsboks

Koplingsboksar er noko vi ser overalt. Boksar blir brukte både i private heim og hos bedrifter og på kontor. Desse boksane blir brukte til både data og tele, og vi kan kombinere dei med enkelte typar kabelgater. Koplingsboksane finst i ulike kvalitetar, og det blir stilt krav til både merking og boktype for godkjende installasjonar.

Fiberoptiske kablar

For tilkoplingar over lengre distansar bruker vi fiberoptiske kablar. Det spesielle med denne typen kabel er at han har ein kjerne av plast eller reint glas som kan leie lyssignal. Den inste delen av glas kallar vi for kjerne, og på utsida av kjernen er det ei kappe som sørgjer for at kjernen fungerer som ein bølgjeleiar. Det ytste laget er laga av plast og har ein vernande funksjon.

Sidan fiberoptiske kablar overfører lyssignal, kan kabelen i teorien overføre med farten til lyset. I praksis vil farten på fiberkabelen avhenge av ulike faktorar, som til dømes reinskapen av glaset i kjernen. For å kunne omsetje trafikk frå ei fiberkopling til ein TP-kabel må ein ha ein fiberkonverter som omset lyssignal til elektriske signal.

Skrive av Tron Bårdgård og Jan Frode Lindsø. Rettshavar: Arena IKT
Sist fagleg oppdatert 11.06.2020