Lag ei nyheitssak om universell utforming - Lag ei nyheitssak om skule og universell utforming - Design og visualisering (IM-MED vg2) - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Lag ei nyheitssak om universell utforming

Arbeidsoppdrag

Lag ei nyheitssak om skule og universell utforming

Universell utforming er grunnleggande når offentlege og private verksemder skal legge til rette for brukarane sine. Korleis er tilstanden på skulen din?

Steg 1. Gjer research

Sjå filmen om Vetle som sit i rullestol og fortel om . Han viser oss òg korleis den vidaregåande skulen hans tek omsyn til universell utforming og individuell tilrettelegging. Notar ned døma han viser fram.

Les fagartikkelen om universell utforming og bit deg særleg merke i kva universell utforming er, og kvifor det er viktig.

Skaff deg kjelder til saka og førebu ei journalistisk nyheitssak om UU på skulen din.

Steg 2. Utforsk og studer omgivnader og nettstad

Utforsk og studer dei fysiske omgivnadene og nettsidene til skulen din.

  1. Kva er tilstanden for den universelle utforminga på skulen din?

  2. Kva utfordringar og manglar finn du?

  3. Finn personar med redusert funksjonsevne som kan teste ut fasilitetar og tenester. Gjer intervju.

  4. Korleis kan ei nyheitssak vinklast?

  5. Sørg for å dekke opp både fysiske omgivnader og digitale tenester.

    Steg 3. Produser nyheita

    Vel kva medium og kva kanal du lagar saka for. Vel om du vil jobbe med ein tradisjonell eller nyare sjanger. Du kan velje å samarbeide med andre.

    Ta omsyn til universell utforming i produksjonen din.

    Steg 4. Vis fram produkt og diskuter

    Presenter nyheitene de har laga til klassen og diskuter

    1. betydninga av universell utforming på skulen og elles i samfunnet

    2. den journalistiske kvaliteten på arbeida

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2022

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Lag ei nyheitssak om universell utforming