Veiledning
Korleis kan vi utforme nettsider universelt?
I utforming av nettsider må vi følgje forskrift om universell utforming. Her finst det rettleiingar og sjekklister vi kan dra god nytte av. Det viktigaste er likevel å teste. Ikkje mot automatiske WCAG-kodesjekkarar, men mot ekte brukarar med ekte behov.
Bruk tilsynet sin rettleiiar
Tilsynet for universell utforming av ikt har utarbeidd rettleiiaren Løsningsforslag for web som går gjennom problemstillingar og løysingsforslag. Det er viktig å hugse at det kan vere fleire måtar å møte krava på.
I rettleiaren finn vi heilt konkrete råd. Dette er derfor ein ressurs du bør bruke som sjekkliste når du planlegg utforming av ein nettstad. Nokre eksempel:
- koding av bilete, bilettekst, alt-tekst
- koding av tabellar
- utforming av lenker
- kontrast og fargebruk
- bruk av lyd og video
Utdrag frå 24 tips:
- Snakk saman om universell utforming i prosjektgruppa. Test universell utforming saman med brukarar med ulike utfordringar.
- La brukarane vite kvar dei er, og korleis dei kjem vidare. Lag alternative inngangar og snarvegar for å fylle ulike behov.
- La alt innhald kunne nåast med tastatur. Bruk fokusmarkering og logisk rekkjefølgje for dei som navigerer med tastatur.
- Hugs god markering av lenker som skil seg frå teksten. Gi brukaren beskjed om lenka opnar seg i nytt vindauge eller opnar eit dokument. Lag beskrivande lenketekstar.
- Bruk rett kode og strukturer teksten. Det som ser ut som noko, skal kodast som det, for eksempel overskrifter, lister, tabellar og skjema. Bruk tilgjengelege tema og programtillegg i publiseringssystemet. Bruk klarspråk og overskrifter som passar til innhaldet i avsnitta.
- Bruk responsiv design. Tillat tilpassing av sida, og design sida slik at brukarane kan tilpasse henne til sine behov.
- Test kontrast mellom tekst og bakgrunn, slik at sida også kan lesast av svaksynte og fargeblinde.
- Bruk alternativ tekst på bilete slik at skjermlesarar kan lese opp for brukaren.
- Tekst video, og publiser utskrift av teksten.
- Ro ned tempoet, unngå autostart og blinking. Gi brukaren kontroll, vis pauseknapp.
- Gi tydelege feilmeldingar, slik at brukaren kan forstå feilen og komme på rett spor. Gjer det enkelt å ta kontakt dersom dei møter hindringer på sida di.