Oppgåve
Etos i NRKs Folkeopplysningen
I denne øvinga skal du vurdere truverd i eit klipp frå NRKs tv-program Folkeopplysningen.

1. Tenk over
Du skal tilby ei ny behandling for vond rygg.
- Korleis ville du ha reklamert for å overtyde potensielle kundar om at du tilbyr den beste behandlinga?
- Ville du ha spelt mest på etos, logos eller patos for å overtyde?
2. Sjå sekvens frå Folkeopplysningen
Sjå ein sekvens frå NRK-serien Folkeopplysningen om "Chufang". Sekvensen startar på 23:05.
- Kan kjøkkenreiskapar kurere vond rygg?
- Kva synest du om behandlaren sin etos (truverd) i den første delen av sekvensen?
- Kva skjer med etos når behandlaren og behandlingsrommet blir oppgradert?
- Finn du døme på at andre appellformer blir i tekne i bruk (logos eller patos)?
- Kva synest du om innslaget?
- Kva grep kunne behandlaren ha brukt for å verke endå meir overtydande?