Eigenvurdering for emnet kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar - Design og visualisering (IM-MED vg2) - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Egenvurdering

Eigenvurdering for emnet kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar

Kor godt forstår du betydninga av kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar i mediefaget?

Har du forstått?

Kan du svare ja på alle punkta nedanfor, har du veldig god greie på kva kommunikasjon betyr i mediefag, og kan bruke kommunikasjonsmodellar i arbeidet med eigne medieproduksjonar.

Kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar

  • Eg veit kva kommunikasjon er, og eg kan skilje mellom ulike former for kommunikasjon.
  • Eg kan ledda i prosessmodellen og veit kva dei betyr.
  • Eg kan teikne opp og forklare den semiotiske trekanten til andre.
  • Eg veit kvifor kunnskap om sjanger, form og innhald er viktig når eg vil formidle ein bodskap til ei bestemd målgruppe.
  • Eg forstår at målgruppa for, kanalen og føremålet med ein bodskap set premissar for utforminga og gjennomslagskrafta til ein bodskap.
  • Eg bruker kommunikasjonsmodellane aktivt når eg planlegg og produserer eigne medieuttrykk.

Kommunikasjonsmodellar og målgrupper

  • Eg veit kva som skil betydninga av uttrykka personleg kommunikasjon, mediert personleg kommunikasjon og massekommunikasjon.
  • Eg veit korleis eg kan bruke prosessmodellar og teiknlære i arbeid med eigne bodskapar.
  • Eg kan kjenne att og forklare støy i kommunikasjon.
  • Eg kan skilje mellom ikon, indeks og symbol.
  • Eg kan identifisere og definere målgrupper med bruk av variablar (geografiske, demografiske og psykografiske variablar og livsstilsvariablar).

Kan du omgrepa?

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2019