Brukaroppleving (UX) – design og utvikling

Forskjellen mellom UX-design og UX-utvikling
Omgrepet UX står for user experience og blir sett om til "brukaroppleving" på norsk. I bransjen er det vanleg å bruke omgrepet UX, og det vil derfor bli brukt her.
Når vi snakkar om UX-design, snakkar vi om noko heilt anna enn UX-utvikling. På ein veldig enkel måte kan vi seie at ein UX-designar tenker på to ulike ting: opplevingar og behova som eit produkt, altså ein app, skal dekke, og elementa som er synlege i appen, som ikon, fargar og andre grafiske element.
Ein UX-utviklar, derimot, tek seg av kodinga. Kodinga gjer at designelementa som er nemnde over, både synest og fungerer slik designaren har tenkt.
Design
Ein UX-designar vil vektlegge korleis brukarar navigerer i ein app. Dette handlar om knappar, ikon, fargar, typografi og liknande. Målet til ein designar er å sørge for at brukarar klarer å bruke appen slik han er tenkt med minst mogleg frustrasjon undervegs.
Tenk på kor sint du blir når ein knapp plutseleg ikkje fungerer, dersom du ikkje forstår kva eit ikon betyr, eller at ikonet betyr noko heilt anna enn det du trudde. Det prøver designarar å unngå at du opplever.

Koding
Ein UX-utviklar tek utgangspunkt i eit appkonsept eller eit design og prøver å finne dei tekniske løysingane som gjer at det vil fungere optimalt, uavhengig av kva plattformer det blir brukt på. Det kan vere ulike mobiltelefonar, men òg ulike nettbrett eller datamaskiner.
Tenk at du tek i bruk ein app som treng informasjon om lokaliseringa di. Med andre ord kan appen hente koordinatane dine frå GPS-eininga for telefonen. Ein designar kan foreslå funksjonen, men berre ein utviklar kan programmere han.
Ein utviklar kan nytte seg av fleire kodespråk slik som C++, C-Sharp, Python, Swift, Java eller HTML5, alt etter kva operativsystem einingane bruker.
Omgrep og bransjen er i utvikling
Omgrepa i denne bransjen er i stadig utvikling og kan definerast ulikt i ulike miljø. I enkelte fagmiljø kan ein til dømes skilje mellom UX-designar og UI-designar. (UI står for user interface og betyr "brukargrensesnitt".) I enkelte bedrifter kan det òg vere aktuelt at UX-designarar tek seg av både designet og utviklinga, og at det dermed ikkje trengst ein eigen UX-utviklar.
Tek ein utgangspunkt i korleis bransjen har utvikla seg dei siste åra, kan ein tenke seg at fleire av desse omgrepa og jobbane vil smelte meir og meir saman.
Native-appar og webbaserte appar
Ein native-app blir lasta ned til telefonen din gjennom ei appteneste. Ein webbasert app får du tilgang til gjennom ein nettlesar.
Native-app
Ein native-applikasjon eller native-app er ein app som du kan laste ned direkte til telefonen din gjennom App Store, Google Play eller tilsvarande tenester.
Fordelen med native-appar er at du får tilgang til kamera, kontaktar, gyroskop og andre innebygde funksjonar som smarttelefonar kjem med. I tillegg får du òg ein distribusjonskanal som alle har tilgang til.
Ulempa med native-appar er at dei er kostbare å utvikle, og at dei må gjennom ein omfattande godkjenningsprosess. Med andre ord, det kan vere vanskeleg for deg som enkeltperson å få appane dine tilgjengelege til fleire personar.
Webbasert app
Ein webbasert applikasjon er i utgangspunktet ei nettside laga i HTML, CSS og Javascript, som er optimalisert for smarttelefonar. Webbaserte appar er både billegare å utvikle og billegare å få ut på marknaden enn native-appar. Alt du treng, er eit domene og tilgang til ein webserver, som du kan skaffe via domeneshop.no.
Webbaserte appar kan ikkje installerast på telefonen, men utviklinga dei siste åra viser at store produsentar jobbar med å legge til rette for bruken av desse. Apple har til dømes kome med noko som heiter Web Clip, som tillet at brukarane legg inn ein snarveg til webappar på startsida til mobilen.
I tillegg finst det òg moglegheit til å ha ei form for hybrid løysing: ein native-app som kan hente mykje av innhaldet sitt frå ein webbasert app.
Skilnaden mellom koda appar og webbaserte appar er at sistnemnde hentar all informasjon frå nettet, og ingenting er lagra lokalt i telefonen. Dei webbaserte appane vil då ikkje krevje at du oppdaterer dei frå Apple Store eller liknande for å få den nyaste informasjonen.