Banner til ei utstilling om stilhistorie - Design og visualisering (IM-MED vg2) - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Banner til ei utstilling om stilhistorie

De har fått i oppdrag å lage banner til ei utstilling om stilhistorie. Set deg inn i kva som kjenneteiknar perioden du skal lage banner til. Korleis kan du få fram det som er typisk, ved bruk av fargar, bilete og skrift? Jobb med å skape eit heilskapleg uttrykk som representerer perioden.

Oppdrag

Klassen skal lage banner til ei utstilling om ulike periodar i stilhistoria. Bli einige om kva for periodar de vil ha med, og fordel kven som tek ansvar for kva periode. Lag designet til banneret digitalt, og skriv det ut som plott i målestokk 1:1. Klassen bestemmer kva for storleik de vil ha på bannera. (Elevarbeida under blei laga i 60 gonger 120 cm.)

Innhald:

Banneret skal innehalde:

  • namn på perioden
  • tidsrommet perioden dominerte
  • kort informasjon om perioden, gjerne i stikkordsform
  • bilete som illustrerer det typiske for perioden

Arbeidsprosess:

  1. Finn ut kva som kjenneteiknar perioden du skal lage eit banner til.
  2. Vel ein fargepalett som passar til perioden.
  3. Finn bilete som viser kjenneteikn frå perioden. Pass på at bileta har ein lisens som gjer at du har lov til å omarbeide dei.
  4. Lag minst tre designskisser til banneret. Tenk på grafisk design, typografi og komposisjonsprinsipp.
  5. Vel ei av skissene, og jobb vidare med designet i Illustrator eller eit anna redigeringsprogram.
  6. Sjå på innhaldet og designet saman med læraren din, før du gjer banneret ferdig til trykk.
  7. Les korrektur og lagre fila som PDF før du skriv ut.
  8. Skriv ei vurdering av prosessen din og det ferdige banneret. Korleis har du fått fram perioden i designet ditt?

Innlevering:

  • designskisser
  • ferdig banner
  • eigenvurdering

Elevarbeid frå Vågen vidaregåande skule

Relatert innhald

Fagstoff
Layout

Ei innføring i kva layout er, og korleis ein skaper samanheng mellom dei ulike elementa i ein layout.

Fagstoff
Stilhistorie

Designarar og handverkarar bør kjenne til utviklinga av faget sitt. Stilhistorie kan også inspirere til nyskaping.

Skrive av Torhild Dahl Enoksen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 26.01.2020