Fagstoff
Video
Digital dømmekraft
Digital dømmekraft handlar om at vi skal kunne nytte digitale verktøy, medium og ressursar på ein forsvarleg og klok måte. For å utøve ei slik dømmekraft må vi ha kunnskap om lovverket og evna til kritisk refleksjon når det gjeld mellom anna personvern, nettvett, opphavsrett og kjeldekritikk.
Video: Extreme Music, film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0
Utfordringar til deg
Kva er digital dømmekraft?
Kva er personvern?
Korleis kan du vite kva som er lov og ikkje når du nyttar internett?
Kva vil det ha å seie for barn og unge at du utøver god digital dømmekraft?