Utvikle opplæringsmateriell - Brukarstøtte (IM-ITK vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Utvikle opplæringsmateriell

No skal du førebu og lage opplæringsmateriell som rettleiingar, opplæringsvideoar og korte modulbaserte kurs.

Det er viktig å tenke på brukaren og gjere materiellet lærerikt og forståeleg når du skal utvikle opplæringsmateriell.

Før du går i gang med oppgåvene, kan det vere til hjelp å lese artikkelen "Lag opplæringsmateriell".

Oppgåve 1: Lag rettleiing/bruksrettleiing

Du skal lage ei rettleiing (guide) som består av tekst og skjermbilete. Merk sentrale stader i skjermbileta ved å ringe rundt og bruke piler eller tal. Du kan òg bruke videoklipp eller GIF-ar for å vise eit steg eller ein operasjon. Du avgjer om rettleiinga skal vere på ei nettside, eller om ho skal skrivast ut. Rettleiinga skal vere publiseringsklar og fint og ryddig sett opp. Lag for nybyrjarar eller vidarekomne.

Vel ei av desse oppgåvene:

  1. Vis sentrale funksjonar i eit av Office-programma (tekstbehandling, presentasjonsverktøy eller rekneark).

  2. Lag ei rettleiing i eit av bransjeprogramma på linja di. Vel ut eit bestemt område som du skal fokusere på, du kan ikkje lære bort alt.

  3. Lag ei bruksrettleiing som viser korleis ein skal installere teknisk utstyr frå linja di.


Før du leverer/deler, må du ta ein kvalitetskontroll:

  • Korleis er heilskapsinntrykket? Er det ryddig og oversiktleg?

  • Les over. Sjå etter skrivefeil og sjekk om setningane er fullstendige.

  • Test ut rettleiinga. Har ho med alt som er nødvendig? Test gjerne med medelev.

Oppgåve 2: Lag opplæringsvideo

Lag ein samanhengande opplæringsvideo av eit program eller eit system på datamaskina. Lag ei innleiing der du fortel kva du skal gå gjennom i videoen, og ha ei tydeleg avslutning. Prøv å lage videoen slik at han er mellom fire og sju minutt. Snakk og forklar undervegs i videoen.

Legg på noko tekst i videoen, som tittel i starten og titlar undervegs, og vurder å utheve sentrale område av skjermen eller zoome inn.

Før du leverer/deler, må du ta ein kvalitetskontroll:

  • Heng video, lyd og tekst saman?

  • Sjekk at lyden er god, og at den som snakkar, høyrest tydeleg.

  • Test ut videoen på nokon. Verkar han tydeleg? Bør det gjerast endringar?

Oppgåve 3: Planlegg eit kort modulbasert kurs

Kurs kan delast inn i fleire sjølvstendige einingar, og desse blir kalla modular. Kvar modul er sett saman av fleire ulike ressursar, til dømes tekst, video og testar, som saman dekker eit avgrensa tema.

Planlegg

Planlegg eit kort modulbasert kurs der kvar modul består av informasjon og ein test. Vel ut eit avgrensa område som du skal lære bort. Det kan vere knytt til meir teoretiske emne eller fysisk installasjon. Lag ein plan over tre til fem modular. Kvar planlagde modul bør ikkje vare lenger enn 15 minutt.

Forslag til tema du kan lage kurs om
  • datasikkerheit

  • personvern

  • nettvit

  • opphavsrett

  • skylagring

  • universell utforming

Planlegg oppsettet av modulane

Lag ein plan for moduloppsettet som er lik i alle modulane,
til dømes:

  1. Innleiing: Kva skjer i modulen, og kva skal kursdeltakarane lære?

  2. Presentasjon av fagstoff: Legg inn relevant informasjon om temaet, og bruk tekst, videoklipp og lenker til relevant fagstoff.

  3. Test og oppgåver: Legg inn ein test der kursdeltakarane skal svare på spørsmål knytte til fagstoffet. Du kan òg lage nokre munnlege eller skriftlege refleksjonsoppgåver.

Ekstraoppgåve til oppgåve 3: Produser minst to modular

Produser innhaldet til minst to av dei planlagde modulane. Lag òg ei skisse eller den ferdige versjonen av landingssida som viser modulane, og korleis dei ser ut for kursdeltakarar.

Før du leverer, må du ta ein kvalitetskontroll:

  • Korleis er heilskapsinntrykket? Er kurset ryddig og oversiktleg?

  • Les over. Sjå etter skrivefeil og sjekk om setningane er fullstendige.

  • Test ut modulane. Finn ut kor lang tid det tek, om informasjonen er relevant, og om testen passar til fagstoffet.



Skrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2022