Oppgave
Seksuell trakassering – kva gjer du?
Seksuell trakassering på arbeidsplassen kan vere eit problem for alle arbeidstakarar. Kva gjer du dersom du synest situasjonen blir ubehageleg? Kvar går grensa for deg?
Video: APPLAUS! FILM&TV, Apollo music / Avgrensa bruksrett
Arbeidstilsynet definerer seksuell trakassering slik:
Seksuell trakassering er uønskt seksuell merksemd som har som formål eller verknad å vere krenkjande, skremmande, fiendtleg, nedverdigande, audmjukande eller plagsam.
Seksuell trakassering kan finnast i mange ulike variantar og kan vere både fysisk, verbal og ikkje-verbal (kroppsspråk).
- Kven bestemmer kvar grensa går mellom uskuldig flørt og seksuell trakassering?
- Korleis vil du definere uønskt merksemd?
- I kva situasjonar på arbeidsplassen kan ein finne seksuell trakassering?
- Er det seksuell trakassering når det går føre seg på eit julebord eller ei jobbreise?
- Undersøk kva paragrafar i arbeidsmiljølova og likestillings- og diskrimineringslova som omhandlar seksuell trakassering.
- Kva slags straff kan ein få dersom ein utset nokon for seksuell trakassering?