Planlegg proaktiv brukarstøtte på folkehøgskule - Brukarstøtte (IM-ITK vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Planlegg proaktiv brukarstøtte på folkehøgskule

Du har berre ni dagar på deg til å planlegge ei proaktiv og effektiv brukarstøtte. Det blir heilt nødvendig når 65 elevar samtidig treng hjelpa di og du berre har ein dag i veka sett av til å vere IT-medarbeidar.

Situasjonsbeskriving

Om berre ni dagar startar 65 elevar på den nyoppstarta folkehøgskulen Skytoppen i nærområdet ditt. Ved sida av å undervise i IT-spesialiteten din skal du òg vere den einaste IT-medarbeidaren på skulen, i 20 prosents stilling.

Du må derfor legge til rette slik at elevane kan løyse mykje av det dei må gjere og lurer på innan IT, på eiga hand. Då er det nyttig å legge til rette for .

Elevane skal gå ei av tre ulike linjer på denne skulen:

  • ekstremsport og foto

  • e-sport

  • multimediedesign

I løpet av den første veka må du førebu slik at elevane kan

  • finne brukarnamn og setje eige passord

  • få nøkkelkort til skulen og spesialrom for linja si

  • logge seg inn på skuleportalen (den same som du bruker ved skulen din)

  • få grunnleggande opplæring i skuleportalen, som å finne informasjon på fagside, levere produkt og kontakte lærarar og andre

  • stadfeste at dei har lese og forstått skulereglementet for datamaskin-, mobil- og nettbruk


I tillegg blir det behov for at elevane innan nokre veker lærer seg å bruke sentrale funksjonar i eit av programma dei skal bruke på linja si. Dette hastar ikkje fullt så mykje, men av erfaring er elevane langt meir opptekne av dette enn å lære seg skuleportalen. Derfor må du rekne med å få ein del spørsmål om dette.

Du har ni arbeidsdagar på å førebu den første veka på folkehøgskulen, men lita tid til å følge opp elevane. Du har nemleg berre åtte arbeidstimar saman med elevane den første veka.

Oppgåve 1: Planlegg proaktiv brukarstøtte

Planlegg korleis du kan legge til rette for ei effektiv og god brukarstøtte den første veka etter at elevane har komme.

  1. Planlegg opplæring

    Kva kan dei gjere sjølve, og kva bør du hjelpe dei med?
    Kva slags opplæring skal dei få?

    Beskriv organiseringa og grunngi kvifor du gjer det slik.

  2. Set opp ein plan for dei åtte timane

    Du har berre åtte timar brukarstøtte den første veka. Du bestemmer sjølv når desse timane skal vere. Dei kan vere samla eller delte opp. Set opp ein timeplan over kva du skal gjere, og når du skal gjere det.

  3. Lag informasjonsmateriell

    • Elevane må vite kva dei skal gjere, korleis dei gjer det, og når det skal skje. Lag ei oversikt over alt dei skal gjere.

    • Du har ein god del tid før dei kjem. Lag diverse opplæringsmateriell som skriv, plakatar og liknande.

    • Forklar kvifor du gjer dei vala du gjer, og korleis det kan bidra til ei god og effektiv brukarstøtte ut frå dei knappe ressursane du har tilgjengeleg.

Oppgåve 2: Presenter planen for proaktiv brukarstøtte

Presenter for ein medelev, klassen eller læraren. Grunngi vala du har gjort.

Oppgåve 3: Samanlikn med løysinga til ein medelev

Når du har planlagt og førebudd planen din for proaktiv brukarstøtte, samanliknar du han med ein medelev.

  1. Korleis har de valt å løyse oppgåva?

  2. Er det realistisk å få til dette?

  3. Kva er styrkar og svakheiter med planane dykkar?

  4. Dersom du kunne ha endra noko ved din eigen plan, kva skulle det ha vore?

Relatert innhald

Fagstoff
Proaktiv brukarstøtte

Ver i forkant og stå klar med hjelpa før brukarane tek kontakt med IT-avdelinga. Då blir det effektivt og betre for alle partar.


Skrive av Stina Åshilsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2022