Fagforeiningar - Brukarstøtte (IM-ITK vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Fagforeiningar

Halvparten av tilsette i Noreg er medlem i ei fagforeining. Fagforeiningar er samansette av arbeidarar frå same yrke eller bransje. Dei fremmar interessene til medlemmene overfor arbeidsgivarane og hjelper til i konfliktar og forhandlingar, så medlemskap i ei fagforeining er noko du bør vurdere.

Fagforeiningshistorie

Fagforeiningar kom som eit resultat av stor skeivfordeling i makt mellom arbeidarane og arbeidsgivarane ved starten av den industrielle revolusjonen. Dei tilsette var sårbare for kva arbeidsgivarane bestemde. Samfunnet hadde heller ikkje sikkerheitsnetta gjennom lovverk eller støtteordningar for arbeidslause som vi er vande med i dag. Arbeidarane kunne enkelt bli sparka og hadde få ressursar å kjempe tilbake med. Dette kunne inkludere lange arbeidsdagar på opp til atten timar, seks dagars arbeidsveke, ingen ferie, ingen alderspensjon og ingen vern mot oppseiing eller støtte ved skade på arbeidsplassen.

Ved å organisere seg kunne arbeidarane legge press på arbeidsgivarane gjennom streikar og fellesforhandlingar. Dette jamna ut noko av maktforskjellen mellom partane og har sidan då gitt store forbetringar i arbeidssituasjonen til arbeidstakarane.

Den første fagforeininga i Noreg, Noregs Farmaceutiske forening, vart stifta i 1858.

Frå 1883 byrja fagforeiningane å gå saman i større samanslutningar som etter kvart utvida seg til det vi i dag kallar hovudorganisasjonar. Desse kunne kjempe for forandringar på landsnivå og påverke politikken. Mykje av dagens lovverk som regulerer og vernar tilsette, er direkte eller indirekte eit resultat kampen til hovudorganisasjonane. Døme på dette kan på dette er arbeidsmiljølova, som vart vedteken i 1977, og sjukelønnsordninga, som vart innført i 1978.

Arbeidsgivarorganisasjonar

Parallelt med organiseringa til arbeidstakarane byrja arbeidsgivarane òg å organisere seg i arbeidsgivarforeiningar, landsforeiningar og seinare hovudorganisasjonar. Norsk Arbeidsgiverforening vart etablert i 1900. I dag fungerer desse foreiningane som motpart til hovudorganisasjonane til arbeidstakarane.

I modellen under kan du sjå oppbygginga av hierarkia vi har både på arbeidstakar- og arbeidsgivarsida. Partane forhandlar, men hovudsakleg på det same nivået. Hovudorganisasjonane forhandlar altså med kvarandre, men sjeldan direkte med fagforeininga eller landsforeininga til den andre.

Hovudorganisasjonen Unio (for arbeidstakarar) laga i 2013 filmen "Hva har fagbevegelsen egentlig gjort for oss? En sint Nils Ole Oftebro gir svaret". Sjå Unios film på YouTube.

Lærte du noko nytt?

Kva kan fagforeiningar hjelpe deg med?

  • Fagforeiningane forhandlar tariffavtalar som regulerer arbeidstid, lønn og andre framforhandla ordningar.

  • Tillitsvalde i fagforeiningar kan delta på jobbintervju og andre krevjande møte med arbeidsgivar.

  • Fagforeiningane hjelper ved lokale lønnsforhandlingar.

  • Mange fagforeiningar tilbyr gratis juridisk bistand i arbeidsrelaterte saker.

  • Mange fagforeiningar har forhandla fram rabattar på forsikringar og liknande.

Kva krev medlemskap av deg?

  • Dei som er medlemmer i ei fagforeining, betaler ein kontingent. Nokre stader blir han trekt av lønna di, andre stader betaler du direkte inn til fagforeininga.

  • Det er klubbmøte fleire gonger i året, som medlemmene bør delta på.

  • Dersom fagforeininga går ut i streik og det blir bestemt at du skal streike, må du legge ned arbeidet og delta som streikevakt. Dette betyr tap av lønn, men fagforeininga vil prøve å dekke tapte inntekter for medlemmene sine frå ei streikekasse. Du er likevel ikkje garantert full dekning av tapte inntekter.

Dei fleste yrke har fleire moglege fagforeiningar. Finn dei som er relevante for arbeidsfeltet ditt.

Dersom du allereie er tilsett, er det lurt å sjekke kva fagforeiningar som har lokalklubb på arbeidsplassen din.

Kjelder

Gisle, J., Stokke, T. Aa. & Thingsaker, B. (2021, 19. oktober). Fagforening. I Store norske leksikon. https://snl.no/fagforening

Mathisen, G. (2017, 31. august). Opp- og nedturer i fagorganiseringens historie. Delta. https://www.delta.no/aktuelt/opp-og-nedturer-i-fagorganiseringens-historie

Gjesdal, S. (2005). Sykefraværets utvikling i Norge 1975–2002. Tidsskrift for Den norske legeforening, 125(6), 742–745. https://tidsskriftet.no/2005/03/aktuelt/sykefravaerets-utvikling-i-norge-1975-2002

Relatert innhald

Skrive av Tron Bårdgård og Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2022