Yrkessjåførforskrifta - Bransjelære (TP-TOL vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Yrkessjåførforskrifta

Forskrift om grunnutdanning og etterutdanning for yrkessjåfører, eller yrkessjåførforskrifta, regulerer føresegnene om å få eller behalde retten til å føre motorvogn i tunge klassar mot vederlag, også omtalt som yrkessjåførkompetanse (YSK).

Yrkessjåførkompetanse (YSK)

Dersom du skal jobbe som yrkessjåfør på tunge køyretøy, må du ha førerett, eller førarkort, i den aktuelle køyretøyklassen. I tillegg må du ha yrkessjåførkompetanse, som til dagleg blir forkorta til YSK.

For å oppnå YSK må du gjennom ei grunnutdanning og bestå ei teoriprøve hos Statens vegvesen. YSK er gyldig i fem år om gongen. Etter fem år må du gjennomføre eit etterutdanningskurs for å fornye YSK og behalde retten til å jobbe som yrkessjåfør.

YSK-utdanninga vart innført av EU, og tanken bak er at ein skal ha eit minimum av yrkesutdanning i tillegg til førarkortutdanninga. Dette er grunngitt med at sjåførane då får høgare kompetanse, noko som skal både heve statusen til yrket og auke trafikktryggleiken.

Ei todelt utdanning

Ein seier gjerne at yrkessjåførutdanninga er todelt. Det er ein trafikal del som ein får gjennom førarkortopplæringa, og ei yrkesutdanning som ein får gjennom YSK-utdanninga:

YSK-utdanninga består av mange emne som ikkje alltid er direkte knytte til sjølve bilkøyringa. Det kan vere kundeservice, logistikk og toll, for å nemne noko – altså emne ein ofte må meistre for å kunne gjere ein god jobb som yrkessjåfør, i tillegg til å køyre bussen eller lastebilen.

Det er også ein del emne knytte til bilkøyring, som harmonerer med føraropplæringa, og dessutan nokre felles emne som skadestadsleiing, førstehjelp og lastsikring.

Grunnutdanning og etterutdanning

Det er vanleg å ta YSK grunnutdanning samtidig som ein gjennomfører førarkortopplæringa. Du kan ta fullstendig grunnutdanning på 280 timar eller komprimert grunnutdanning på 140 timar. Tek du den komprimerte grunnutdanninga, er det nokre rettar som er aldersavgrensa.

Etterutdanninga som du må ta kvart femte år, er på 35 timar.

Du kan finne meir detaljert informasjon om yrkessjåførkompetanse hos Statens vegvesen.

Yrkessjåførdirektivet

Det er yrkessjåførforskrifta som regulerer utdanninga i YSK. Ho er i ei viss grad harmonisert med førarkortforskrifta då begge tek for seg utdanning av yrkessjåførar.

YSK og regelverket for utdanninga blir ofte kalla yrkessjåførdirektivet fordi yrkessjåførforskrifta er basert på EU-direktiv 2003/59/EF.


Kjelde

Yrkessjåførforskrifta. (2008). Forskrift om grunnutdanning og etterutdanning for yrkessjåfører. (FOR-2008-04-16-362). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/sf/forskrift/2008-04-16-362

Relatert innhald

Skrive av Arne Skrede.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2022