Kabotasjeløyve - Bransjelære (TP-TOL vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kabotasjeløyve

Her lærer du om reglane for kabotasje.

Kabotasje

Alle som har eit fellesskapsløyve og har frakta internasjonalt gods i EØS-området, kan utføre med same køyretøyet som blei brukt for den internasjonale transporten inn i området. Eit køyretøy kan utføre maksimalt tre kabotasjeturar etter den internasjonale transporten inn i landet.

Kabotasjetransportane må vere avslutta i løpet av sju dagar etter at den internasjonale lasten blei levert, og kan ikkje ta til før bilen er heilt tom for internasjonalt gods. Kabotasje er ikkje tillate på permanent basis.

Kabotasjetransport kan også vere tillate i land utanfor EØS-området. I så fall kjem dette fram av bilaterale avtalar mellom Noreg og det aktuelle landet.

Skrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 23.06.2022