Internkontrollforskrifta - Bransjelære (TP-TOL vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Internkontrollforskrifta

Her lærer du kva internkontroll er. Du lærer også om korleis du møter krava internkontrollforskrifta stiller til det praktiske arbeidet ditt som yrkessjåfør eller logistikkoperatør.

Internkontroll

Ulykker, skadar og forureining er uakseptabelt både for enkeltpersonar og for samfunnet. Derfor har samfunnet etablert reglar som skal

  • vareta sikkerheita
  • førebyggje ulykker
  • hindre skade på det ytre miljøet

For å sikre at alle som driv verksemd, følgjer reglane, har styresmaktene gitt bedrifter påbod om å etablere eigenkontroll eller internkontroll.

Gjennom internkontrollsystema viser verksemdene korleis dei respekterer vernereglane i samfunnet, eller korleis dei varetek delar av samfunnsansvaret.

Internkontroll (eigenkontroll):

Styringssystem som viser korleis ei bedrift i kvardagen følgjer opp vernereglar som er lovfeste.

For transport- og logistikkbedrifter inneber dette at dei må etablere eit styringssystem som viser korleis dei følgjer opp vernereglane i helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga.

Informasjon om HMS hos NHO Reiseliv.

Skrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 12.01.2022