Kva fagforeining passar for meg?
Organisasjonsstrukturen
På det øvste nivået har vi dei fire hovudorganisasjonane i Noreg. Det er Landsorganisasjonen (LO), Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS), Unio og Akademikerne. Dei enkelte fagforeiningane i Noreg er knytte til ein hovudorganisasjon. Arbeidstakarar er med i ei fagforeining som medlemmer.
På arbeidsgivarsida er det også fire hovudorganisasjonar, nemleg Næringslivets hovedorganisasjon (NHO), Spekter, Kommunenes Sentralforbund (KS), og Virke. Landsforeiningane er knytte til ein hovudorganisasjon. Bedriftene igjen er knytte til ei landsforeining.
Saman er vi sterke
Arbeidstakarar organiserer seg for å bli sterkare saman. Når vi står saman om lønnskrav eller andre arbeidsrelaterte forhold, har vi betre sjanse for å få ønska innfridd.
På tilsvarande måte er det òg ein styrke for arbeidsgivarsida å vere organisert i eit forpliktande samarbeid.
Fagforeiningar under LO
Medlemmer i LO-fagforeiningar får tilgang på gode lånevilkår, forsikringsordningar og juridisk rådgiving. I fagforeiningane i LO får elevar gratis medlemskap, mens studentar betaler 500 kroner i året. Det er ulike ordningar for lærlingar.
Film: Hvorfor melde seg inn i fagforening?
I filmen nedanfor (lengde 02:49) frå NRK Skule kan du lære litt om fagforeiningar, tariffavtalar og tariff.
Finn ut
Filmen er frå 2018, kva er tarifflønna i dag?
Vektar
Norsk Arbeidsmandsforbund organiserer dei fleste vektarane. Forhandlingsmotpart er NHO Service og Handel.
Lærlingar betaler halv medlemskontingent, som blir 0,8 prosent av bruttolønna.
Hotell og reiselivstilsett
Jobbar du i restaurant- og reiselivsbransjen, er det naturleg å vere medlem i Fellesforbundet.
Ordinær medlemskap kostar 1,5 prosent av bruttolønn, dette gjeld òg for lærlingar.
Sal, kontor og administrasjon
Handel og Kontor (HK) organiserer over 80 000 medlemmer i mellom anna handel, kontor, administrasjon og serviceverksemd. HK har avtalar med NHO og Virke når det gjeld handel og service.
I HK betaler du òg ein prosent kontingent for ordinær medlemskap, det er 1,4 prosent pluss ein forsikringskontingent på 211 kroner. Lærlingar betaler 135 kroner i månaden.
Fagforeiningar utanfor LO
YS er dei største hovudorganisasjonane i tillegg til LO. YS er partipolitisk uavhengig, mens LO har sterke band til Arbeidarpartiet. Yrkesgruppene kan velje mellom ulike fagforeiningar. Vektarar kan til dømes vere organiserte i Parat, som er ei fagforeining i YS, som alternativ til Norsk Arbeidsmandsforbund i LO.
Det er frivillig om du vil melde deg inn i ei fagforeining, og det kan vere tilfeldig kva fagforeining du eventuelt vel. Du får kanskje tilrådd ei fagforeining som ein kollega er med i, eller det kan vere ein flink tillitsvald som gjer at du blir med i ei anna.
På nokre arbeidsplassar er det ikkje fagorganiserte, kanskje du blir den første?
Relatert innhald
Hovudavtalen legg føringar for dei fleste tilhøva i arbeidslivet.