Om betafaget

Emne som dekker heile læreplanen
Faget på NDLA skal dekke alle kompetansemåla og heile læreplanen for programfaget biologi 2. Vi har valt å dele faget inn i desse emna:
Biologiske arbeidsmåtar
Økosystem
Populasjonar
Energiomsetning i cellene
Genetikk
Arv
Genteknologi
Oppbygging av emna
Emna er bygde opp med ein tydeleg progresjon for å gjere innhaldet enkelt å bruke i undervisninga. Rekkefølga på sidene tek elevane frå det grunnleggande til det meir avanserte. Vi presenterer fagstoffet gjennom verbaltekstar, bilete, videoar, simuleringar og animasjonar.
Introduksjon som vekker nysgjerrigheit
I introduksjonen til emnet finn de aktivitetar som hentar fram forkunnskapane til elevane og skaper interesse for det de skal i gang med.
Fagartiklar for djupnelæring
Kvart emne består av fleire fagartiklar som går i djupna på dei ulike temaa i emnet. Artiklane er rikt illustrerte for å forklare biologiske prosessar på ein tydeleg måte.
Oppgåver for meistring og refleksjon
Vi tilbyr eit rikt utval av oppgåver på ulike nivå for å sikre både mengdetrening og fordjuping. Elevane får høve til å øve på alt frå å hugse og forstå til å forklare, analysere og bruke kunnskapen i nye samanhengar.
Test deg sjølv: interaktive oppgåver som gir elevane ein rask sjekk av eiga forståing.
Varierte oppgåver: oppgåver til temaa der elevane får jobba grundig med stoffet gjennom stor variasjon i oppgåvetypar og nivå. Her finn de alt frå caseoppgåver og filmar til teikneoppgåver, praktiske aktivitetar og diskusjonsoppgåver.
Fordjupingsoppgåver: komplekse oppgåver som utfordrar elevane til å sjå samanhengar og bruke kunnskap frå dei ulike temaa i eit emne.
Eksamenstrening: relevante oppgåver frå tidlegare eksamenssett som gir elevane erfaring med eksamensforma gjennom heile skuleåret.
Vurdering og grunngiving framfor fasit
Vi har bevisst valt å ikkje ha med løysingar på alle oppgåvene. Sjølv om det kan verke uvant, er målet å flytte fokuset frå fasiten til elevane si eiga tenking. Vi ønsker at elevane skal vurdere kvaliteten på eigne svar og bruke det dei har lært til å grunngi svara sine. På denne måten stimulerer vi elevane til å diskutere meir med kvarandre og sikre at dei oppfattar faget som meir enn berre eit puggefag.
Fleksibelt innhald med vekt på det visuelle
Biologi 2 er eit praktisk fag der både forsøk og feltarbeid står sentralt. Vi tilbyr derfor eit rikt utval av slike arbeidsmåtar. I kvart emne finn de ressursar de kan bruke uavhengig av rekkefølga i læringsløpet. Her kan de sjølve velje aktivitetar og innhald:
forsøk og feltarbeid
klasseromsaktivitetar
oppgåver for vidare arbeid
Det visuelle står også sentralt i faget. Vi legg stor vekt på gode figurar, inspirerande bilete og animasjonar, og vi bruker filmar for å gi både fagleg påfyll og inspirasjon.
Vegen vidare
Læringsressursane våre gir både elevar og lærarar eit godt utgangspunkt for å jobbe utforskande med Biologi 2. Vi legg ut nytt innhald fortløpande, og vi oppfordrar til å følge med og ta i bruk ressursane i undervisninga. Vi set stor pris på tilbakemeldingar og tips som kan hjelpe oss med å gjere innhaldet endå betre!