Urin – regulering, urinering og diagnostikk - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Urin – regulering, urinering og diagnostikk

Urin gir oss mykje informasjon om tilstanden til kroppen. Fargen fortel noko om vassinnhaldet i kroppen, mens vi i ei urinprøve kan påvise sjukdommar, medisinrestar og doping. Små barn har ikkje kontroll over når dei må kvitte seg med urin, men lærer dette etter kvart.

Antidiuretisk hormon regulerer urinmengda

Vassbehovet til kroppen blir registrert kontinuerleg, og vi har fleire reguleringsmekanismar for å justere vass- og ionekonsentrasjonen i kroppen. Antidiuretisk hormon (ADH) er den viktigaste mekanismen i reguleringa av urinmengda. ADH styrer opning og lukking av spesielle vasskanalar (akvaporin) i cellemembranen hos samlerøyra i nyrene. På den måten kan vassmengda i urinen regulerast.

Fortynna eller konsentrert urin

Viss du drikk lite vatn, blir det skilt ut meir ADH frå . Føremålet er å spare på det vatnet du har. Det inneber at fleire akvaporin blir opna, slik at meir vatn blir transportert tilbake til blodet og halde igjen i kroppen. Urinen blir derfor meir konsentrert og får ein kraftigare gulfarge. I tillegg blir det sendt signal til tørstesenteret i .

Når du drikk mykje, får kroppen behov for å kvitte seg med vatn. Då blir det skilt ut mindre ADH, og færre akvaporin er opne. Det fører til at mindre vatn blir reabsorbert (transportert tilbake til blodet). Dermed blir urinen fortynna og får ein lysare gulfarge.

Alkohol hemmar utskiljinga av ADH. Det inneber at mindre vatn blir reabsorbert, og at ein må tisse oftare. I etterkant blir ein tørst og må drikke meir vatn for å erstatte vasstapet.

Urinering

Den ferdige urinen blir tømd frå nyrebekkenet og over i urinblæra via urinleiarane. Etter kvart som blæra blir fylt, aukar trykket mot blæreveggen. Når volumet overstig 400 ml hos ein vaksen person, blir det sendt nervesignal til ryggmergen og storhjernen.

Erfaringa vår fortel oss at denne kjensla kjem av fylt blære, og at vi må gå på do. Små barn manglar denne erfaringa, og hos dei er det urinmengda som bestemmer når dei tissar.

Diagnostisering – nyttig informasjon frå urin

Ei urinprøve kan fortelje oss mykje om tilstanden til kroppen. Ho kan til dømes brukast til å påvise sjukdom eller skade i urinvegane og forstyrringar i hormonbalansen.

Endring i urinfargen og -mengda og dessutan påvising av bakteriar, blod og protein i urinen kan vere symptom på nyresjukdommar som urinvegsinfeksjon, nyrestein, nyrebekkenbetennelse eller kreft.

Viss urinen inneheld glukose, kan det bety at ein har diabetes. Når mengda glukose i blodet blir for stor, har ikkje nyrene nok kapasitet til å transportere tilbake all glukosen som har kome over i nyrene.

Ved mistanke om narkotikabruk eller doping kan ein teste urinen for å avdekkje eventuelle narkotiske stoff eller nedbrytingsprodukt av desse stoffa i urinen. Slike stoff er framande for kroppen, og levra bryt dei ned til sambindingar som blir skilde ut med urinen ved sekresjon.

Skrive av Tone Pedersen Rangul og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2022