Strukturar utanfor cella - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Strukturar utanfor cella

Cellemembranen avgrensar cellene frå omgivnadene, men det finst òg strukturar på utsida av membranen hos dei fleste celler. Plantecellene har ein ytre cellevegg som ikkje finst hos dyreceller. Dyrecellene har i staden andre strukturar som vernar dei og gjer at cellene kan bevege seg.

Ekstracellulær matriks – nettverk rundt cellene

Dyreceller har ingen ytre cellevegg, men er omkransa av eit nettverk med protein og karbohydrat som har fått namnet ekstracellulær matriks.

Omgrepet ekstracellulær matriks er sett saman av to ord som er beskrivande for omgrepet:

  • ekstracellulær, som betyr "utanfor cella"

  • matriks, som er eit element som held andre strukturar på plass

Mange av proteina som inngår i ekstracellulær matriks, har ein tau- eller trådforma struktur og blir gjerne kalla fiberdannande protein. Døme på slike protein er kollagen og elastin, som bidreg til å byggje opp hud, hår og sener. I tillegg til fiberdannande protein består ekstracellulær matriks av fleire andre protein og karbohydrat som gir nettverket ein geléaktig konsistens. Ekstracellulær matriks er ein viktig struktur som bidreg i kommunikasjon mellom celler, og som vernar og bind saman dei ulike cellene i ein organisme.

Glykokalyks – slimlag som gir vern

I tillegg til ekstracellulær matriks har dyrecellene eit slimlag som dekkjer utsida av cellemembranen. Dette slimlaget, som blir kalla glykokalyks, bidreg til vern og fungerer som fingeravtrykket til cella.

Slimlaget er rikt på karbohydrat som er bundne til protein (glykoprotein) og lipid (glykolipid) som sit på overflata til cellemembranen. Celler som er av same type, kan kjenne igjen kvarandre basert på proteina i slimlaget, og dei veit dermed kven dei kan samarbeide med.

Immunsystemet bruker glykokalyks mellom anna til å skilje mellom kroppen sine eigne celler, framande celler og infiserte celler. Immunsystemet oppdagar infiserte celler ved at dei infiserte cellene presenterer fragment av proteina til inntrengjaren på si eiga celleoverflate.

Flagellar og cilium for rørsle

Flimmerhår i rørsle. Det er mikrotubili i cytoskjelettet som står for desse rørslene. Video: NTB scanpix, Science Photo Library / CC BY-NC-SA 4.0

Nokre dyreceller har bevegelege ytre strukturar kalla flagellar (svingtrådar) eller cilium (flimmerhår). Dette er avlange hårliknande utbuktningar av cellemembranen. Når det er ein eller to strukturar med litt lengd, kallar vi dei flagellar, mens mange korte strukturar blir kalla cilium.

I luftvegane hos pattedyr er epitelcellene dekte med cilium som sørgjer for at slim og partiklar bevegar seg oppover. Elles har sædceller og mange eincella algar og protozoar flagellar som er viktige for at cellene skal kunne bevege seg rundt.

Skrive av Kristin Bøhle og Tone Pedersen Rangul.
Sist fagleg oppdatert 09.04.2021