Smittespreiing i eit globalt perspektiv - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Smittespreiing i eit globalt perspektiv

Verda er i stadig endring. Det påverkar ikkje berre oss menneske, men alle levande organismar på kloden. Verdshelseorganisasjonen (WHO) rapporterer at både nye smittsame sjukdommar og gamle sjukdommar stadig dukkar opp på nye stader rundt om i verda. Kvifor er det slik?

Mikroorganismar er ein viktig del av økosystema våre

Mikroorganismar finst over alt og er ein naturleg del av alle økosystem. Dei fleste lever i såkalla koloniar, komplekse fellesskap der dei kommuniserer og samarbeider med kvarandre.

Visste du at …

Det finst meir enn éin milliard bakteriar i ei teskei med jord? I masse utgjer mikroorganismane mest av alle levande organismar på kloden.

Alle organismar har same mål i livet: å formeire seg. Sjølv om nokre mikroorganismar forårsakar sjukdom og i verste fall død hos vertsorganismen, er ikkje dette ei bevisst handling frå mikroorganismane si side. Ein død vertsorganisme vil jo òg bety slutten for mikroorganismane som lever der. Endringar i omgivnadene til ein mikroorganisme eller vertsorganisme kan i stor grad påverke spreiing av ein sjukdom.

Befolkningsutvikling

Frå 1900-talet og fram til i dag har det skjedd ein befolkningseksplosjon. Talet på menneske på kloden har auka frå rundt 1,6 til nesten 8 milliardar. Dette har fått store konsekvensar for kloden. Område som tidlegare var urørte av menneske, har blitt rydda for skog og brukte til utbygging av vegar, industri og bustader. Dette har ført til nye møtepunkt mellom ukjende mikroorganismar, menneske og dyr.

Urbanisering og befolkningstettleik gjer at smittsame sjukdommar kan spreie seg raskare enn før. I land med høg levestandard har heldigvis meir informasjon, gode smitteførebyggjande tiltak, reint vatn og effektive medisinar ført til ein betydeleg reduksjon i utbreiinga av infeksjonssjukdommar. Dette har igjen ført til at ikkje-smittsame sjukdommar, til dømes hjarte- og karsjukdommar og kreft, i dag er blant dei hyppigaste årsakene til dødsfall i slike land.

Levestandard

Dessverre er det store klasseskilje når det gjeld smittsame sjukdommar. I land med låg levestandard gjer enkle buforhold, dårleg hygiene og lite tilgang på medisinar at fødslar er meir utfordrande, og at fleire barn døyr. Infeksjonssjukdommar som og er på frammarsj, og tek framleis mange menneskeliv i slike land.

Globalt sett er infeksjonssjukdommar den viktigaste årsaka til sjukdom, og dei står for ein tredjedel av alle dødsfall i verda. Nesten kvart år blir det påvist nye smittsame sjukdommar.

Reise og handel

Betre økonomi og meir internasjonalt samarbeid har bidrege til meir reising og handel. Kvar einaste dag reiser omkring to millionar menneske med fly til eit anna land.

Reising aukar risikoen for spreiing av smittsame sjukdommar. Kvar einaste person som reiser, er ein potensiell smitteberar. Tida vi oppheld oss på ein destinasjon, er ofte kortare enn inkubasjonstida for ein sjukdom. Vi kan derfor smitte andre og rekke å kome fram til ein ny destinasjon før personane vi har vore i kontakt med, har fått symptom og blir sjuke.

Internasjonal handel og reiseverksemd kan bringe smitte over store avstandar på kort tid. Dei tilpassingsdyktige mikroorganismane finn stadig nye nisjar. Det er truleg reiser som har ført til framvekst av smittestoff som og .

Klimaendringar

Klimaendringar påverkar nedbørsmønster, temperatur og vekstvilkår – og dermed miljøforholda til ulike organismar. Endringar i klima kan føre til at plantar, dyr og menneske flytter til nye område og tek med seg kjende og ukjende mikroorganismar.

Sjukdomsberarar
som i dag er avgrensa innanfor eit geografisk område, kan dukke opp andre stader i verda. Plutseleg kan , , vestnilvirus og malaria, som i dag berre finst i område med tropisk klima, bli eit problem i Europa.

Store mengder nedbør og flaum kan føre til auka vassforureining og oppblomstring av patogene mikroorganismar. Auka temperatur og endra luftfukt kan endre reproduksjonsmønsteret hos insekt som mygg, flått og sniglar. Desse er kjende vektorar for fleire smittsame sjukdommar.

Smittsame sjukdommar er ei global utfordring

Sjølv om utfordringane er større i nokre land enn andre, er infeksjonssjukdommar eit internasjonalt problem som krev samarbeid på tvers av landegrenser. Covid-19-pandemien illustrerte tydeleg at vi lever i ei global verd, og at krigen mot smittsame sjukdommar ikkje er over.

Kjelder

Drexler, M. (2011). What you need to know about infectious disease. National Academy of Sciences. Henta 25. januar 2022 frå https://www.ncbi.nlm.nih.gov/books/nbk209706/

Dybdal, S. E. (2019). Klimaendringer gjør at mygg som sprer sykdommer, brer seg til nye områder. Forskning.no. Henta 1. februar 2022 frå https://forskning.no/klima-nmbu-norges-miljo-og-biovitenskapelige-universitet-partner/klimaendringer-gjor-at-mygg-som-sprer-sykdommer-brer-seg-til-nye-omrader/1355111

Lönn-Stensrud, J. (2016). Bakterienes forunderlige verden. Universitetsforlaget.

Skrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 15.02.2022