Slik fungerer øyret - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Slik fungerer øyret

Øyret har som oppgåve å fange opp lydbølgjer frå omgivnadene. Lydbølgjene blir forsterka og danna om frå mekaniske vibrasjonar til elektriske impulsar. Når desse blir sende via høyrselsnerven til hjernen, blir dei tolka som lyd.
Høyrsel: lydbølgjer når øyret. Video: Science Photo Library, NTB scanpix / CC BY-NC-SA 4.0

Korleis oppfattar vi lyd?

  • Det ytre øyret (øyremuslingen og øyregangen) fangar opp lydbølgjene frå omgivnadene. Lydbølgjene blir førte vidare innover øyregangen, der dei blir forsterka før dei når trommehinna.
  • Trommehinna er ein fleksibel membran som begynner å vibrere når ho blir treft av lydbølgjene (1).
  • Vibrasjonane i trommehinna blir overførte til dei små øyrebeina i mellomøyret (hammaren, ambolten og stigbøyelen) og får desse til å bevege seg fram og tilbake (2).
  • Det luftfylte mellomøyret forsterkar lydbølgjene ytterlegare og sender bølgjene vidare til det væskefylte indre øyret. Dette blir gjort ved at stigbøyelen slår som eit stempel mot det ovale vindauget, som er inngangen til sniglehuset i det indre øyret.
  • Sniglehuset består av tre væskefylte kanalar. Væska kjem i rørsle når stigbøyelen trykkjer mot det ovale vindauget.
  • Den midtarste kanalen er skild frå den nedste med ein membran, kalla basilarmembranen. Sansecellene (hårcellene) sit her omgitte av støtteceller og har ein geléaktig dekkmembran, tektorialmembranen, over seg (3).
  • Væskerørslene i det indre øyret fører til at basilarmembranen begynner å svinge, noko som igjen fører til at dekkmembranen blir forskyvd i forhold til sansecellene (hårcellene).
  • Sansecellene (mekaniske reseptorar) blir aktiverte når håra blir bøygde fordi dei blir påverka av lydstimulusen. Bøyinga av håra får ionekanalar til å opne seg. Dette fører vidare til at transmitterar blir frigjorde slik at nerveimpulsar blir sende langs nervefibrane i høyrselsnerven og fram til høyrselssenteret i hjernen (4) og (5).
  • I hjernen blir nerveimpulsane sette om og tolka til det vi oppfattar som lyd (6).

Tenk gjennom:

  • Kva ville skjedd dersom høyrselsnerven blei kopla til det området i hjerneborken som normalt tek imot signal frå auga?

Skrive av Ragnhild Baglo og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2022