Sansar hos dyr - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Sansar hos dyr

Både hos virveldyr og virvellause dyr finst det fascinerande sansar som er spesielt tilpassa levesetta og miljøa deira. Pattedyr har sansar som liknar sansane våre, men mange har heilt spesielle tilpassingar som gjer dei i stand til å oppfatte mange signal som menneske ikkje registrerer.

Føleorgan

Evna til å registrere både berøring, smerte, kulde og varme blir rekna som følesansen. Sensibiliteten varierer mykje i ulike område av kroppsoverflata der huda blir rekna som eit føleorgan.

Til dømes er sensibiliteten spesielt godt utvikla på snuten hos mange pattedyr og på fingertuppane hos menneske. Hos virvellause dyr er følesansen best utvikla på utvekstar som tentaklar, antenner og kjennetrådar.

Sidelinjeorgan

Fisk og vasslevande amfibium har eit sidelinjeorgan med sansehår som registrerer rørsler og lågfrekvente vibrasjonar i vatnet. Sidelinjeorganet er ei samling av sanseceller i huda og kan sjåast som ei tydeleg stripe frå halen til hovudet der det kan vere mange forgreiningar. Desse sansecellene utgjer til saman eit sanseorgan som blir kalla nevromast. Det er eit hydro-akustisk organ i tillegg til det indre øyret, som òg fangar opp rørsler og lydbølger.

Hos primitive bruskfiskar er sidelinjeorganet ei open fòr der sanseorgana sit, men oftast er det ein tynn slimfylt kanal like under huda med små opningar for kvart hudskjel. Elektriske fiskar har spesielle nevromastar som er 100 000 til 1 million gonger meir kjenslevare for elektrisk straum enn vanlege nevromastar.

Høyreorgan

Virvellause vassdyr har høyreblærer og høyregruver, men det er uvisst om dei formidlar lydinntrykk. Det er derimot svært sannsynleg at organa fungerer som likevektsorgan (statisk sans), og ein går ut frå at dette er forløparen til det indre øyret til virveldyra med eit høyre- og likevektsorgan der sniglehuset fangar høyrselsinntrykk, mens øyresekk og bogegangar tener som likevektsorgan.

Mange insekt har enkle høyreorgan som består av membranar med mange nerveceller. Desse sit på sida av bakkroppen, som hos nattsvermarane, eller på beina, som hos grashopper og sirissar. Det er berre bestemde frekvensar som får membranen til å svinge slik at nervecellene sender signal til hjernen. Nattsvermarar lyttar berre på dei høgfrekvente klikka frå flaggermus som jaktar, mens høyrselen til grashoppene berre er innstilt på å høyre lydane frå artsfrendar.

Insekt, som fluga på biletet, har i tillegg til membranane små sansehår spreidde på kroppen. Desse er kjenslevare for vibrasjonar. På den måten kan insekt oppdage fleire lydar enn dei avgrensa frekvensane som membranane fangar opp.

Ekkolokalisering og sonar

Tannkvalar og flaggermus er ekspertar på å bruke lyd og ekko, både til å navigere og til å skaffe mat.

Dei er pattedyr som lever i svært ulike miljø, vatn og luft, men begge gruppene har utvikla svært pålitelege navigasjons- og jaktmetodar ved hjelp av lydbølger.

Når ei lydbølge treffer ein gjenstand, blir ho bøygd av og endrar retning, og ein del kan kastast tilbake som eit ekko. Dette ekkoet kan brukast til å tolke eigenskapar ved gjenstanden. Same prinsipp blir utnytta både i instrumenta og ekkolodd som bruker lydbølger under vatn, og i radar som bruker radiobølger på same måte i luft.

Flaggermus bruker høgfrekvent lyd (ultralyd) som vi ikkje kan høyre. Øyra våre kan høyre lydar opp til 15 kHz (unge menneske kan høyre opp til 20 kHz). Flaggermus opererer som regel i området frå 20 til 130 kHz (maks 212 kHz).

For at lyden som blir send ut, ikkje skal overlappe med ekkoet og gi eit kaotisk lydbilete, er det avgrensa kor lang ein lyd kan vere.

Lukte- og smaksorgan

Har du høyrt uttrykket som seier at "hunden ser med nasen"? Dette beskriv at hundar og mange andre dyr kan registrere langt meir informasjon enn vi menneske oppfattar. Luktstoff inneheld informasjon om fortida, skjulte organismar, retning, sinnstilstand, kjønn og mykje meir.

Det området i hjernen som registrerer og tolkar luktinformasjon, er forholdsvis mykje større hos til dømes hundar enn hos menneske. Luktesansen til hundane blir mellom anna brukt i søk i snøskred, søk etter narkotika, for å finne veggdyr i koffertar og til å markere ved vevsprøvar med kreft.

Slangar har ei kløfta, spelande tunge som tener som kjenne-, lukte- og smaksorgan. Dei kjemiske signala som er samla inn, blir førte inn til to groper i ganen, Jacobsons organ, der dei blir analyserte.

Hos til dømes insekt og mange pattedyr er luktstoff viktige for signalisering, både når det gjeld revir og forplantning.

Les meir om kva luktstoffa har å seie i artikkelen "Feromon som lokkar og skremmer".

Synsorgan

Dyreriket har eit utruleg mangfald av synsorgan, men kva skapning har det beste synet? Kven ser best i mørkeret? Kven ser flest detaljar? Kva dyr ser mest farge, og kven oppdagar rørsle raskast?

Synsorgan i dyreriket varierer frå enkeltståande lysfølsame celler til avanserte auge med mange ulike spesialtilpassingar. Det finst òg augealgar med lysømfintlege pigment i cytoplasmaet, men desse blir ikkje rekna som synsorgan.

Plasseringa av auga har samanheng med levesettet. Ein jeger vil i større grad ha fokus rett fram enn eit byttedyr som må følge med i alle retningar og har auga plassert på kvar side av hovudet.

Auge som ser og "lyser" i mørkeret

Har du vorte skremd av dyreauge som lyser i mørkeret? Det er ikkje auga som lyser, men refleksjon av lyset frå lykta di eller andre lyskjelder.

Auga til kattar og andre dyr har eit spesielt lag (tapetum lucidum) bak den lysfølsame netthinna. Dette laget reflekterer det lyset som kjem inn gjennom netthinna. Dermed kan dei lysfølsame cellene i auget utnytte lyset ein ekstra gong. Dette er svært nyttig for nattaktive dyr. Hos kattar gjer dette laget at lyssensibiliteten aukar med cirka 50 prosent, mens auga til reinen skiftar farge frå oransje til blå og er 1000 gonger meir sensitive for lys i mørketida enn om sommaren.

Kameraauge

Det mest komplisert bygde auget finst hos nokre børsteormar, mange blautdyr og hos virveldyr som menneske. Kameraauget har stavar og tappar som inneheld spesielle synspigment med evne til å omsetje lyspåverknad til nerveimpulsar. Talet på fargefotoreseptorar varierer frå art til art. Mennesket har tre typar, hundar har to, mens nokre sommarfuglar har femten typar.

Kameraauge gir ei biletleg oppfatning av omverda. Det lysfølsame cellelaget er kopla saman med eit lyssamlande apparat som består av hornhinne, linse og glaslekam.

Video: Tone Pedersen Rangul / CC BY-NC-SA 4.0
Fasettauge

Fasettauge er samansette av mange, opptil fleire tusen, delauge og er spesielt eigna til å oppdage rørsler. Kvart delauge har sitt eige lysoppfattande og lysforsterkande apparat med lysømfintlege celler. Både krepsdyr og utvikla insekt har fasettauge.

Berre ein smal bunt av parallelle lysstrålar når inn til kvart delauge, så ein går ut frå at dyret ser ein mosaikk av mange små lyspunkt frå kvart delauge. Sidan ein bevegeleg gjenstand blir oppfatta etter tur av kvart delauge, vil fasettauget vere i stand til å registrere sjølv dei minste rørslene.

Filmen viser ei fluge som set seg ved ein syltetøyflekk, og ei hand som prøver å slå fluga. Fluga kjem seg unna fordi ho er svært rask til å oppfatte rørsler med fasettauga sine.

Her kan du sjå ein fascinerande film som illustrerer korleis synet til ulike dyr er spesielt tilpassa levesettet deira (du kan velje norsk undertekst).

Oppgåve om sansar hos dyr

Kjelder

Frafjord, K. (2020, 23. april). Ekkolokalisering hos flaggermus. I Store norske leksikon. https://snl.no/ekkolokalisering_hos_flaggermus

Walberg, F. & Åbro, A. (2020, 5. juli). Sanseorganer hos dyr. I Store norske leksikon. https://snl.no/sanseorganer_hos_dyr

Åbro, A. (2020, 29. desember). Fasettøye. I Store norske leksikon. https://snl.no/fasettøye

Åbro, A. (2022, 3. januar). Sidelinjeorgan. I Store norske leksikon. https://snl.no/sidelinjeorgan

Relatert innhald

Skrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2023