Reaksjonstid – ope forsøk - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Forsøk

Reaksjonstid – ope forsøk

I denne aktiviteten skal de planleggje og gjennomføre eit forsøk der de samanliknar reaksjonstida ved stimulering av ulike sansar.

Reaksjonstid er tida ein person bruker på å reagere på ein stimulus.

De skal planleggje og gjennomføre eit forsøk der de samanliknar reaksjonstida ved bruk av følgjande sansar:

  • syn

  • lyd

  • berøring

Planlegging

Set av god tid til planlegging. Det er avgjerande for at de skal få resultat som kan gi svar på problemstillinga.

Variablar

Beskriv dei ulike variablane i forsøket. Skjemaet nedanfor gir eit døme på korleis dette kan gjerast.

Metode

Ein tradisjonell metode for å måle reaksjonstid er å bruke linjal. Då måler vi kor langt linjalen fell før forsøkspersonen fangar han med tommel og peikefinger.

Undersøk òg andre måtar å måle reaksjonstid på. Vurder fordelar og ulemper ved dei ulike målemetodane. Bli einige om felles framgangsmåte og målemetode.

Beskriv framgangsmåten på ein slik måte at neste års biologiklasse kan repetere forsøket berre ut frå beskrivinga.

Etterarbeid

  • Bruk resultata frå heile klassen, og rekn ut gjennomsnittleg reaksjonstid for kvar type stimulus. Diskuter moglege årsaker til eventuelle forskjellar.

  • Vurder korleis kontroll av variablar har blitt vareteke i forsøket. Kan vi stole på at eventuelle forskjellar i reaksjonstid kjem av verknaden av den uavhengige variabelen? Oppdaga de andre variablar i etterkant som de burde ha kontrollert? Korleis kan dette i så fall ha påverka resultatet?

Forslag til utvidingar

  • Planlegg og gjennomfør eit eksperiment for å samanlikne reaksjonstida ved bruk av den dominante og ikkje-dominante handa.

  • Planlegg og gjennomfør eit eksperiment for å undersøkje korleis reaksjonstida blir påverka av bakgrunnsstøy.

  • Planlegg og gjennomfør ein dobbel blindtest for å teste om koffein påverkar reaksjonstida.

Skrive av Johan Vikan.
Sist fagleg oppdatert 27.08.2021