Hormon styrer livsprosessar og likevekt - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Hormon styrer livsprosessar og likevekt

Menneskekroppen har to kommunikasjonssystem: nerve- og hormonsystemet. Hormonsystemet består av kjertlar som skil ut hormon i blodet ved behov. Produksjonen er strengt regulert av hypothalamus og hypofysen, som overvaker konsentrasjonen og sørgjer for balanse i tallause prosessar i kroppen.
Video: Tone Pedersen Rangul, Ragnhild Baglo, Kristin Bøhle og Alf Jacob Nilsen / CC BY-NC-SA 4.0

Hormonproduserande kjertlar

Hormonsystemet bruker hormon for å overføre informasjon via blodet til dei cellene som har reseptorar for dette hormonet. Dei fleste hormon blir produserte i kjertlar (endokrine kjertlar), som ved behov skil ut hormon direkte til blodet. Slik kan signal nå fram til alle cellene i heile kroppen. Døme på endokrine kjertlar er bukspyttkjertelen, binyrene, testiklane hos menn og eggstokkane hos kvinner. Det finst òg hormonproduserande celler i dei fleste andre vev og organ i kroppen.

Eit samspel mellom hormon frå ulike kjertlar og hormonproduserande celler styrer dei fleste kroppsfunksjonane dine.

Hypothalamus og hypofysen – dei overordna kjertlane

Hypothalamus er ein liten kjertel som ligg i mellomhjernen og står for den overordna kontrollen av hormonsystemet. Hypothalamus koordinerer informasjon frå hormonsystemet, hjerneborken og det , som styrer dei indre organa våre.

Hypothalamus får heile tida informasjon frå sanseceller rundt om i kroppen. Denne informasjonen bruker han til å regulere aktiviteten i dei hormonproduserande kjertlane, slik at aktiviteten er tilpassa behovet til kroppen. Tilknytinga til hjerneborken gjer at hypothalamus òg er det overordna senteret for dei kjenslemessige reaksjonane våre.

Hypothalamus styrer mange livsnaudsynte funksjonar som ikkje er viljestyrte, men han utgjer mindre enn 1 % av kroppsvekta.
Hypothalamus regulerer mellom anna fordøying, respirasjon, væskebalanse, seksualfunksjonar, kroppstemperatur, delar av hormonsystemet, kjenslemessige reaksjonar og døgnrytme.

Styringa av hormonsystemet skjer ved hjelp av hypofysen. Hypothalamus får og tolkar signal frå kroppen og påverkar hormonproduksjonen i hypofysen, som er den overordna hormonproduserande kjertelen i kroppen.

Hypofysen består av to delar: ein framlapp og ein baklapp. Baklappen har ingen hormonproduserande celler, men lagrar og skil ut hormon som blir produserte i hypothalamus (nevrohormon). Framlappen består av celler som produserer hormon og skil dei ut til blodet, som i sin tur fraktar dei til mottakarceller rundt om i kroppen. Hormon frå framlappen til hypofysen kan verke direkte på ulike vev og organ eller påverke hormonproduksjonen i andre endokrine kjertlar.

To sjølvregulerande endokrine kjertlar

Binyremergen og bukspyttkjertelen er òg hormonproduserande kjertlar, men desse blir styrte av nerveimpulsar og ikkje av hypothalamus.

Binyremergen

Det er nerveimpulsar som stimulerer binyremergen til produksjon av hormona adrenalin og noradrenalin i stressande situasjonar. Desse hormona mobiliserer kroppen til å tole større fysisk og psykisk belastning. Dei gir dessutan auka konsentrasjon og merksemd, høgare hjartefrekvens og meir blodsirkulasjon i musklane.

Bukspyttkjertelen

Hormonproduksjonen til bukspyttkjertelen blir i hovudsak regulert av glukoseinnhaldet i blodet. Hormona som blir produserte i bukspyttkjertelen, er og , som verkar motsett av kvarandre.

Dei cellene som produserer insulin (av latin insula, "øy"), ligg samla i små grupper (øyar) innimellom dei bukspyttproduserande kjertlane. Desse gruppene blir kalla Langerhans' øyar. Insulin senkar blodsukkeret ved å få cellene til å ta opp meir glukose og ved å stimulere levra til å danne meir glukagon (polysakkarid), som fungerer som eit energilager.

I motsetnad til insulin aukar glukagon blodsukkerinnhaldet ved å stimulere til auka nedbryting av polysakkaridet glykogen. Glukagon blir òg produsert i Langerhans' øyar, men i eigne celler.

-----------------------------------------------------------------------------

I tillegg til dei hormonproduserande kjertlane som er nemnde over, har vi hormonproduksjon fleire stader i kroppen, mellom anna i nyrene, levra, hjartet og mage-tarm-kanalen.

Kjelde

Sand, O. et al. (2006). Menneskekroppen. Anatomi og fysiologi. Gyldendal Akademisk.

Skrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2021