Forsøk: Lag agarskåler til bakteriedyrking - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Forsøk

Forsøk: Lag agarskåler til bakteriedyrking

Lag agarskåler som de bruker til å dyrke bakteriar i.

Framgangsmåte

  1. Bland agarpulver og destillert/kokt vatn etter instruksjonen på pakka i ein erlenmeyerkolbe. Dekk opninga med papir.
  2. Varm opp til alt stoffet er oppløyst og løysninga er klar.
  3. Set kolben til avkjøling. Drei kolben innimellom for å få blanda innhaldet godt. Når agaren er 50 grader, kan de helle han over i dei sterile petriskålene.
  4. Set petriskåler med lok på eit bord. Før halsen på kolben gjennom flamma på ein gassbrennar eller spritbrennar for å drepe eventuelle mikroorganismar i halsen før og etter tømming.
  5. Løft av loket på éi og éi petriskål, hell agarløysninga slik at skålene blir to tredels fulle, og set på lok med ein gong.
  6. La petriskålene med agar stå i 10 minutt slik at agaren stivnar.
  7. Ta vare på skålene opp ned for å unngå at kondens dryp ned på agaren. Viss de legg skålene i ein plastpose og lagrar dei kjølig, kan dei halde seg i mange veker.

Kjelde

Natufag.no. (u.å). Tillaging av agarskåler. https://www.naturfag.no/forsok/vis.html?tid=1997151&within_tid=1997111

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2020