Formeiring hos frøplantar - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Formeiring hos frøplantar

Frøplantane er dei plantane som best har tilpassa seg livet på land. Dei formeirar og spreier seg med pollen og frø. Dette har gjort den kjønna formeiringa uavhengig av vatn.

Generasjonsveksling hos frøplantar

Frøplantane spreier seg med frø, og ikkje med sporar, men til liks med andre landplantar dannar dei likevel sporar. Det vi ser og tenkjer på som ein frøplante, er sporeplanten. Dei haploide sporane er innkapsla i sporeplanten, der dei veks til mikroskopiske kjønnsplantar. Kjønnsplantane er altså ikkje frittlevande som hos mosar og karsporeplantar, men sit som strukturar på sjølve sporeplanten.

Den holege kjønnsplanten, kimsekken, blir utvikla inne i frøemnet. Den hanlege kjønnsplanten, pollenslangen, blir utvikla i pollenkornet som blir danna inne i pollenknappane. Utviklinga av kjønnsplantane skjer rett før befrukting og vidare frødanning.

Befrukting hos frøplantar skjer utan vatn

Ved pollinering blir pollenkorn overførte til arret hos dei og direkte til frøemnet hos dei . Pollenslangen overfører sædcella til eggcella og sørgjer for befrukting. Befruktinga hos frøplantane er dermed gjord uavhengig av vatn.

Den hanlege kjønnsplanten ligg beskytta inne i pollenkornet, som kan spreiast på ulike måtar. Den holege kjønnsplanten er godt beskytta inne i kimsekken, og det resulterande plantefosteret er dermed også omgitt av vev. Frøet består av foster og opplagsnæring omgitt av eit frøskal. Opplagsnæringa blir kalla endosperm og er næring for fosteret fram til planten er i stand til å produsere energi på eiga hand gjennom fotosyntesen.

Nakenfrøa plantar dannar frø utan frukt

Dei nakenfrøa plantane har eit ope ("nakent") og ubeskytta frøemne. Dei dannar ikkje blomstrar slik dei dekkfrøa plantane gjer. Den tilsvarande strukturen hos dei nakenfrøa plantane blir kalla kongler. Hannkonglene produserer pollen, mens hokonglene har anlegg for å utvikle frø. Pollen blir overført ved hjelp av vind. Dei ferdig utvikla frøa har ein frøveng som gjer at frøa lett kan spreiast med vinden.

Den største gruppa av nakenfrøa plantar er bartrea med , furu, einer, lerk og barlind.

Dekkfrøa plantar har dobbel befrukting

Frøemnet hos dei dekkfrøa plantane er omgitt av beskyttande vev som utviklar seg til ei frukt når frøemnet modnast. Dette bidreg til auka beskyttelse og større moglegheiter for spreiingstilpassingar.

Dobbel befrukting

Dei dekkfrøa blomsterplantane har utvikla ei spesiell form for befrukting som blir kalla dobbel befrukting. Pollenslangen overfører to sædceller til kimsekken. Den eine befruktar eggcella og dannar ein diploid (2n) zygote, mens den andre smelter saman med den diploide (2n) sentralkjernen og dannar triploid (3n) opplagsnæring. Opplagsnæringa er "nistepakka" til det veksande plantefosteret. Planten bruker dermed energi på å lage opplagsnæring berre når det finst eit foster som har bruk for det.

Frøplantar kan òg formeire seg ukjønna

Mange frøplantar kan òg formeire seg ukjønna. Nokre artar formeirar seg berre på denne måten, mens andre kan veksle mellom kjønna og ukjønna formeiring etter behov. Frøplantar formeirar seg ukjønna ved hjelp av mellom anna utløparar og yngleknoppar.

Nokre plantar kan òg setje frø utan at det har skjedd noka befrukting av frøemnet. Det gjeld til dømes løvetann. For at frøet skal utvikle seg, kan det likevel vere naudsynt at sentralkjernen kjem i kontakt med ei sædcelle, slik at det blir danna opplagsnæring.

Skrive av Hanne Hegre og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2022