Kroppen vår produserer ei mengd hormon som på kvar sin måte bidreg til å skape balanse (homeostase) i kroppen. Det er ikkje meininga at du skal kunne alle desse hormona og vite korleis dei verkar, men det kan likevel vere interessant å sjå denne oversikta.
Oversikt over hormonproduserande kjertlar og hormon hos mennesket
Den overordna endokrine kjertelen, hypothalamus, produserer fleire typar hormon. Nokre av desse er nevrohormon som blir lagra i baklappen til hypofysen. Andre hormon frå hypothalamus set i gang produksjon av hormon i framlappen til hypofysen.
Denne figuren har du kanskje sett på andre sider, men her kan du sjå kva for nokre hormon som blir skilde ut, og kva dei verkar på.
Baklappen til hypofysen består av nervevev og fungerer som ein lagringsplass for hormona ADH og oksytocin, som blir produserte i hypothalamus. ADH påverkar nyrene slik at vi skil ut mindre vatn. Oksytocin sørgjer mellom anna for at mjølkekjertlane skil ut mjølk, og at livmora trekkjer seg saman ved fødslar. I tillegg blir det skilt ut ved orgasme.
Framlappen består av endokrine celler som produserer og slepper ut hormona TSH, ACTH, FSH, LH, prolaktin og veksthormon (GH – growth hormone). Dei fire første styrer hormonproduksjonen i høvesvis skjoldbruskkjertelen, binyreborken og kjønnsorgana.
Meir om hormon
Tabell med korte beskrivingar av hormon for deg som ønskjer ei oversikt med fleire detaljar
Detaljar om hormon
Hormon
Skilt ut frå
Målområde
Verknad
ADH – antidiuretisk hormon
danna i hypothalamus, skilt ut frå hypofysen
nyre, hjarte, lever
gir meir konsentrert urin ved å auke oppsuginga av vatn i nyrene
blir skilt ut når hypothalamus registrerer auka saltkonsentrasjon i blodet
oksytocin
danna i hypothalamus, skilt ut frå hypofysen
livmor, mjølkekjertlar
får musklane i livmora til å trekkje seg saman og stimulerer brysta til å skilje ut mjølk
blir skilt ut ved mellom anna fødsel, amming og orgasme
veksthormon
hypofysen
dei fleste organ, spesielt i knoklar
finst i fleire variantar
størst utskiljing i puberteten og hos unge vaksne
verkar på dei fleste organ og vev, spesielt på vekstsonene i knoklane
prolaktin
hypofysen
bryst
stimulerer vekst og modning av mjølkeproduserande kjertlar i brysta hos kvinner
påverkar òg produksjonen av innhald i mjølka
LH – luteiniserande hormon
hypofysen
eggstokkar testiklar
(hos kvinner:) stimulerer til eggløysing og får den gule lekamen til å skilje ut progesteron
(hos menn:) stimulerer produksjonen av testosteron
FSH – follikkel-stimulerande hormon
hypofysen
eggstokkar testiklar
gir modning av eggceller og sædceller
ACTH – kortikotropin (adrenokortiko-tropt hormon)
hypofysen
binyreborken
stimulerer vekst og utskiljing av steroid frå binyreborken – spesielt glukokortikoid som kortisol, men også mineralkortikoid og forstadium til kjønnshormon
kortisol (hydrokortison)
binyreborken
celler, musklar, immunforsvar
steroid som bidreg i stressresponsen til kroppen
påverkar immunforsvar, proteinsyntese og cellene sitt opptak av glukose
adrenalin og noradrenalin
binyremergen og sympatiske nerveendar
hjarte, blodårer, celler
stresshormon som blir regulert av impulsar frå det sympatiske (ikkje-viljestyrte) nervesystemet
gir auka energi og styrke, og klargjer dermed kroppen til kamp: auka hjartefrekvens, auka blodtrykk og prioritering av blodforsyninga til hjarte og musklar, mens resten blir nedprioritert
Hormona frå binyreborken blir kalla kortikosteroid. Dei har fått namnet sitt frå produksjonsstaden (cortex, "bork") og den kjemiske grunnstrukturen steroid.
Utskiljinga blir styrt av ACTH frå framlappen til hypofysen. I binyreborken blir det produsert mange livsviktige hormon.
mineralokortikoid, som mellom anna regulerer natriumbalansen
glukokortikoid, som verkar på omsetninga av karbohydrat, salt, feitt og protein i kroppen (kortisol), og dessutan verkar betennelsesdempande (kortison blir brukt som medisin mot betennelsar i ledd og musklar)
kjønnshormon (små mengder testosteron, østrogen og progesteron)