Arealendringar - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Arealendringar

Vi har alltid hausta og brukt av ressursane naturen gir: mat, mineral, byggemateriale og areal. No skjer det i eit raskare tempo enn nokon gong tidlegare. Mangfaldet av artar, økosystem og naturtypar er under press.
Film om truslar mot biologisk mangfald. Video: Kristin Bøhle, Thomas Bedin, Jarle Sten Olsen / CC BY-NC-ND 4.0

Arealendringar trugar det biologiske mangfaldet

Ifølge Artsdatabanken er omtrent 90 prosent av dei truga artane på den norske truga på grunn av ulike arealendringar. Døme på arealendringar er at vi bygger ein veg over dyrka mark, hogger ned skog, bygger hytter i fjellet, sluttar å bruke beiteområde eller legg ein bekk i røyr.

Det er flest truga artar i område med godt klima og jordsmonn. Her er det nemleg òg mange menneske, og dermed stort press for å bygge ut bustader, vegar og industri. Det skaper konkurranse om areala i desse områda. Det er som regel vi menneske som "vinn" denne kampen.

Kvifor har arealendringar så stor effekt?

Leveområde blir øydelagde og delte opp

Når leveområde forsvinn, må flytte på seg for å kunne leve vidare. Då må det finnast tilgjengelege område ein annan stad, og det må vere mogleg å flytte seg dit. Viss ikkje vil populasjonen døy ut. Dette kan vere kritisk for artar som er sjeldne i utgangspunktet.

Når eit leveområde blir delt opp (fragmentert), blir det vanskelegare for mange artar å flytte på seg i samband med trekk eller for å finne nye leveområde. Villrein har til dømes faste trekkruter mellom sommar- og vinterbeite. Sjølv om ein veg er liten i utstrekning, kan han verke som ei hindring for villreinen og bidra til oppdeling av leveområde.

Oppdeling av leveområde gir fleire små område som er oppdelte av barrierar, og som dermed er vanskelege å krysse. Små område gir ikkje livsgrunnlag for like store populasjonar som det større område gjer. Både fordi eit mindre område ofte har eit mindre mangfald av leveområde, og fordi det blir ein større del kantsoner i små område. I slike kantsoner kan det vere brå overgangar, mellom anna i lys- og vindforhold.

Det er plass til færre artar og færre individ i små område enn det er i eitt stort, sjølv om areala til saman er like store. Dette gir mindre genetisk variasjon i kvart område, og populasjonane blir meir sårbare.

Viss det genetiske mangfaldet blir mindre, vil artane bli dårlegare i stand til å tilpasse seg mellom anna klimaendringar.

Store område har større variasjon i moglege leveområde, og fleire artar kan leve der. Dette gir grunnlag for større biologisk mangfald enn i små område.

Attgroing

Når vi sluttar å bruke eit beite eller sluttar å slå graset, vil desse områda gro att. Artar som er tilpassa slike område, mister dermed leveområde. Mange sårbare artar er knytte til utmarksbeite og slåttenger.

Tiltak

Kartlegging

Før vi kan setje i verk tiltak for å ta vare på det biologiske mangfaldet, må vi skaffe oss oversikt over kva artar og økosystem som finst. Dette er viktig for å kunne følge med på utviklinga og for å kunne prioritere dei artane og økosystema som er mest sjeldne og sårbare.

Arealplanlegging

For å unngå nedbygging av natur må kommunar og fylke planlegge nøye korleis dei skal bruke areala sine. Plan- og bygningslova inneheld føresegner for korleis slike planar skal utformast. Planane må ta utgangspunkt i kartlegging som er utført, slik at ein ikkje tillèt utbygging i område som er viktige for artar og økosystem. Når lokalpolitikarar skal ta slike avgjerder, er det ofte freistande å velje kortsiktig økonomisk gevinst framfor å spare eit område med natur som "berre står der utan å gjere nytte for seg".

Alle innbyggarane i ein kommune kan kome med innspel til kommuneplanane før dei blir vedtekne av kommunestyret.

Vern

For å verne område mot inngrep kan styresmaktene verne viktige område. Dei ulike verneformene, til dømes naturreservat og nasjonalpark, er beskrivne i naturmangfaldslova.

Skjøtsel

I nokre område må vi gjennomføre tiltak for å halde oppe det biologiske mangfaldet. Det kan vere å fjerne framande artar som kjem inn, og halde vegetasjonen nede med lett hogst eller beitedyr.

Restaurering

Restaurering er å reparere område og føre dei tilbake til naturen. I ei myr som har blitt grøfta, kan vi tette igjen grøftene og få tilbake noko av den økologiske funksjonen til myra, til dømes som leveområde for plantar og dyr, karbonlager og flaumdempar.

Korridorar mellom område

Når eit område blir delt opp, blir det vanskelegare for artar å gå gjennom det. Nokre artar treng samanhengande område for å flytte på seg, mens til dømes trekkfuglar treng rasteplassar undervegs når dei trekker. Faste trekkruter kan bli hindra av ein ny veg.

Relatert innhald

Kjelder

Artsdatabanken. (2021, 24. november). Påvirkningsfaktorer. Henta frå https://artsdatabanken.no/rodlisteforarter2021/Resultater/Pavirkningsfaktorer

Frivillig vern. (2020). Frivillig vern av skog i Norge. Henta 2. juni 2020 frå http://frivilligvern.no/

IPBES (2019). Media Release: Nature's Dangerous Decline ‘Unprecedented'; Species Extinction Rates ‘Accelerating'. Henta frå https://ipbes.net/news/media-release-global-assessment

Miljøstatus.no. (2020, 6. mai). Vernet natur. Henta 2. juni 2020 frå https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/naturomrader-pa-land/vernet-natur/

NIBIO. (2018, 8. januar). Restaurering av myr. Henta 2. juni 2020 frå https://www.nibio.no/tema/miljo/tiltaksveileder-for-landbruket/tiltak-mot-klimagassutslipp-fra-landbruket/myr-og-klimagasser/restaurering-av-myr

Teknisk Ukeblad. (2019, 6. mai). En million arter trues av utryddelse. Henta 25. mars 2020 frå https://www.tu.no/artikler/en-million-arter-trues-av-utryddelse/464488

Universitetet i Oslo. (2019, 4. mars). Landskapsøkologi. Henta 2. juni 2020 frå https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/l/landskap.html

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 18.12.2022