Skruar

Ved montering blir mange samanføyingar skrudde saman med skruar (boltar) og mutrar. Ulike skruar blir òg brukte der det ikkje trengst noko større moment i samanføyinga. Fordelen med
skrudde samanføyingar er at dei er lette å demontere viss det blir nødvendig, som til dømes ved vedlikehald og reparasjonar.
Vær oppmerksom på at det finnes andre typer merkesystemer enn ISO.
Elles er eit grunnleggjande prinsipp ved utskifting av boltar at ein vel boltar som svarer til dei som sit der frå før, eller at de følgjer tilvising frå teikningsunderlaget.
Fastleiksklasse
For skruar og mutrar er det fastsett bestemte fastleiksklassar. Med fastleik meiner vi kor sterkt materialet i skruen er. For at vi skal kunne velje den best eigna skruen, er det ein kode på skruehovudet som viser fastleiksklassen til skruen.
Tabell - Fasthetsklasser for skruer | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
3,6 | 4,6 | 4,8 | 5,6 | 5,8 | ||||
6,8 | 8,8 | 9,8 | 10,9 | 12,9 | ||||
Moment
Ein momentnøkkel er eit verktøy til å trekkje til skruar, mutrar og andre festemiddel med eit bestemt moment (Nm). Riktig moment er viktig for at delar ikkje skal losne, eller for at pakningar skal vere tette. Til dømes må boltane som held topploket på ein bilmotor på plass, trekkjast til med momentnøkkel. Eit anna eksempel er boltar i flensar i røyrsystem med høgt trykk.