Oppgave
Lag modell om havforsuring
Etter at de no har de sett korleis havforskarar jobbar, og diskutert og fått fram idear om havforsuring, skal de byrje å byggje opp ein modell i SageModeler.

Modellen skal innehalde dei viktigaste faktorane som gjeld det sentrale spørsmålet: «Korleis påverkar CO₂ havet og organismane som lever der?»
Oppgåve
- Legg til dei faktorane de kjenner til (på dette tidspunktet).
- Lag koplingar mellom årsakene som påverkar kvarandre.
- Still inn kva samanheng det er mellom årsakene.
NB! På dette tidspunktet vil modellen sannsynlegvis vere veldig uferdig. Du får snart sjansen til å lære meir om havforsuring, og kan bruke kunnskapen til å forbetre modellen din, åleine og saman med andre. Etter fleire rundar med revurdering vil du få ein modell som blir betre.
Lag første utkast til modell (concord.org)
1. Legg til hovudårsakene. 2. Lag koplingar mellom årsaker. 3. Still inn hvilken sammenheng det er mellom årsakene.
Oppgåve
I par eller små grupper: Vis kvarandre modellane de har laga, og diskuter.
- Kva er bra med modellen?
- Kva for nokre forbetringar kan gjerast?
- Forklarer modellen det vi ønskjer å undersøkje?
Forslag til moment de kan diskutere:
- Er variablane viktige for det sentrale spørsmålet?
- Er variablane nøytrale og målbare?
- Er riktige variablar kopla saman (påverkar den eine variabelen den andre?)
- Er variablane kopla saman riktig (frå årsak til verknad?)
- Er samanhengen mellom variablane slik de hadde tenkt (i kor stor grad påverkar den eine variabelen den andre?)
- Påverkar variablane kvarandre direkte (sjå figur)?
- Kva i modellen er de usikre på?
- Finst det data som kan underbyggje gjettingar de har gjort?
Om ein variabel påverkar ein annan via to ulike vegar, er sannsynlegvis ein av samanhengane indirekte.