Oppgåve
Skap eit kunstverk på nytt
Det einaste du treng, er eit stykke kunst og din eigen fantasi.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Ein humoristisk ny versjon av kunstverket Pike med perleøredobb av Johannes Vermeer
I dette oppdraget skal du finne eit verk frå kunsthistoria og lage din eigen versjon. Versjonen din bør vere mest mogleg lik originalen, men det er lov å spele på humor eller andre verkemiddel.
For å få inspirasjon, kan du søkje på "art remake" på internett. Du finn òg eksempel på kreative rekreasjonar på emneknaggane #betweenartandquarantine og #tussenkunstenquarantine. På norsk betyr emneknaggen "mellom kunst og karantene". Desse bileta vart skapte våren 2020 av folk som kjeda seg heime under koronapandemien.
Arbeidsprosess
- Finn ut kva kunstverk du vil skape på nytt.
- Planlegg opptak. Kvar kan du ta biletet? Kva treng du av rekvisittar? Treng du ein modell? Studer kunstverket nøye!
- Ta foto. Pass på at du får same biletutsnitt, vinkel, lys og fargar i din eigen variant.
- Rediger biletet i eit passande biletbehandlingsprogram.
- Presenter versjonen din ved sida av originalen, slik som bileteksempla her.
Nyttige kjelder
Mange museum og galleri har gode kunstsamlingar på nett. Du kan til dømes sjekke ut desse nettsamlingane:

Her har tre personar laga sin versjon av måleriet Folk humour av Bakhtiar Umarov.
Idear til meir arbeid
- Undersøk den kunsthistoriske epoken som verket ditt stammar frå. Finn kjenneteikn ved epoken, og vurder korleis ditt kunstverket du valde passar inn i epoken. Presenter for klassen.
- Lag ei utstilling av alle i klassen sine bilete. Inviter andre til opninga, og hald ein vernissasje.
- Saml bileta til klassen i ein emneknagg i sosiale medium, eller del bileta på nettsida til skulen, skulen sin Facebook-profil og liknande. Hugs å be om løyve på førehand!