Oppgave
Avgjerder i Transportklagenemnda
Transportklagenemnda behandlar klagar frå forbrukarar som ikkje får innvilga kompensasjon frå flyselskapa og andre transportselskap ved til dømes kanselleringar og forseinkingar. Kva skal til for å få medhald i klagane?

Veit du kva rettar du har viss flyet blir kansellert eller forseinka?
Jobb i par:
Les artikkelen "Dommer og avggjørelser i klagesaker ved pakkereiser" på Reiselivsforum.
Søk på tidlegare klagesaker på flyreiser og togreiser innanfor ulike område (forseinkingar, kansellering, overbooking, bagasje, ruteendring).
Drøft resultatet og kva som ligg til grunn for avgjerda i ulike saker.