Samarbeid på byggeplassen
God kommunikasjon gir betre arbeidsflyt
På byggeplassen møtest ofte tilsette frå fleire ulike bedrifter. Når ei ny yrkesgruppe kjem inn på byggeplassen, må arbeidet vere tilrettelagt slik at dei slepp å vente fordi andre ikkje er ferdige. Samarbeid mellom yrkesgruppene blir stadig viktigare, og kvar handverkar må få gjort jobben sin til rett tid for at resultatet skal bli bra og prosjektet effektivt.
På arbeidsplassar der det blir snakka fleire språk, er det ekstra viktig med god og klar kommunikasjon slik at alle har den same forståinga av oppgåvene.
Klare avtalar hindrar misforståingar
Dårleg planlegging og misforståingar gjer at arbeid må gjerast på nytt. Dette fører til at bygginga tek lengre tid og blir dyrare.
Eit døme på dette er ved boring av hol til røyr i ein yttervegg. Elektrikaren lagar hol i veggen og trekker røyr til utelys, men monterer ikkje tettemansjett før tømraren kler ytterveggen. Holet blir dermed ikkje lufttett, noko som svekker energieffektiviteten i huset.
Når forventningane er avklarte i prosjektet, veit elektrikaren at mansjettar skal monterast av elektrikaren. Tømraren kan også gjere slike oppgåver, men det viktigaste er at det er avklart på førehand.
Under ser vi nærbilete av ein vegg som har blitt førebudd rett for tømraren.
God planlegging sparer pengar
At éi yrkesgruppe legg til rette for den neste, er heilt avgjerande for at ei bedrift skal kunne tene pengar. Om dette ikkje er avklart, fører det til fleire rundar med køyring og henting av varer og utstyr, og prosjektet blir meir kostbart. Nokon må betale for manglande samarbeid.
Oppgåve: Test deg sjølv
Oppgåver til diskusjon
Gå saman i grupper og diskuter punkta under.
Ein tømrar har bygd ferdig ein utvendig vegg. Deretter kjem elektrikaren og borar hol i veggen for å trekke røyr til eit utelys. Kven har ansvaret for at det blir heilt tett rundt holet?
Kva kan vi gjere for å unngå misforståingar og uklarleikar om kven som har ansvar for kva?
Nemn to andre arbeidsoppgåver der fleire yrkesgrupper må samarbeide for å oppnå eit godt resultat.