Rekneskapen i praksisbedrifta - Administrasjon og berekraftig drift (SR-SSH vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Rekneskapen i praksisbedrifta

Korleis arbeider praksisbedrifta di med rekneskap? I denne oppgåva skal du utforske korleis bedrifta jobbar med økonomi, med fokus på rekneskap.

Alle bedrifter fører rekneskap. Rekneskapsføring gir oss informasjon om kva for nokre inntekter og kostnader vi har hatt, og vi får ei oversikt over eigedelar, gjeld og eigenkapital. Du skal i denne oppgåva utforske korleis praksisbedrifta di fører rekneskap og fakturerer, og korleis rekneskapen blir rapportert til leiinga og eventuelt styret i bedrifta.

I praksisbedrifta di er det éin eller fleire som jobbar med økonomi og rekneskap. Du må få hjelp frå dei til å løyse oppgåva.

Oppgåve

  1. Har bedrifta eigne tilsette som fører rekneskapen, eller nyttar dei eit rekneskapskontor?

  2. Har bedrifta kundar som dei sender fakturaer til? Undersøk i så fall kva rutinar bedrifta har på betalingsfristar og purring.

  3. Ta utgangspunkt i årsrekneskapen til bedrifta, og finn dei følgande hovudpostane i resultatrekneskapen:

Resultatrekneskap

Kalkulasjon

Kroner

Sum driftsinntekter

Varekostnader

Lønskostnader

Avskrivingar

Andre driftskostnader

Driftsresultat

Sum finansinntekter

Sum finanskostnader

Resultat før skattekostnad

Skatt

Årsresultat

  1. Ta utgangspunkt i årsrekneskapen til bedrifta og finn dei følgjande hovudpostane i balansen:

Frå årsrekneskapen

Balanse

Kroner

Eigedelar

Sum anleggsmidlar
Sum omløpsmidlar
Sum eigedelar

Eigenkapital og gjeld

Eigenkapital
Langsiktig gjeld
Kortsiktig gjeld
Sum eigenkapital og gjeld
  1. Korleis blir rekneskapstala gjennom året rapporterte til leiinga og styret? Blir det laga rekneskap månadleg, kvartalsvis og halvårleg?

  2. Kva synest du om økonomien i bedrifta?

Tips til lærar

Oppgåva passar fint som ein del av loggen eleven skriv frå praksis, eller som ei individuell skriftleg innlevering.

Skrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2021