Oppgåve
Video
Profilering av Torshov Sport
I denne oppgåva skal du utforske og drøfte korleis Torshov Sport profilerer seg i ulike medium.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.
Vi følger kundereisa til ein ung gut som kjøper fotballsko hos Torshov Sport. Ein innhaldsprodusent i sportsforretninga forklarer korleis dei lagar innhald og profilerer seg i ulike medium. Video: Cylinder Production AS, Epidemic Sound / CC BY 4.0
Oppgåve 1
Sjå filmen ovanfor.
Søk opp Torshov Sport på nettet og utforsk korleis dei profilerer seg i ulike medium.
Drøft måten Torshov Sport profilerer seg på i ulike medium.
Drøft om du meiner at profileringa deira er vellykka.
Oppgåve 2
Forklar AIDAS-modellen, og nytt døme frå filmen på dei ulike fasane i AIDAS-modellen.
Oppgåve 3
Vurder korleis Torshov Sport kan nytte algoritmar i marknadskommunikasjonen sin.
Vil du tilrå Torshov Sport å nytte slike algoritmar? Grunngi svaret ditt.