Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Omstillingsprosessar ved innovasjon

For å fremme innovasjon kan det ofte vere nødvendig med omstillingsprosessar internt i bedrifta. Kva kan du om omstilling og utvikling? Bruk eigne ord når du skal forklare dei ulike omgrepa og svare på oppgåvene.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

Oppgåve 1

  1. Kva meiner vi med omstilling?
  2. I kva situasjonar må bedrifter omstille seg?
  3. Kva er avgjerande for å lykkast med omstillingsprosessar?

Oppgåve 2

Vel om du vil ta utgangspunkt i ei reiselivsbedrift, ein butikk eller eit sikkerheitsfirma når du svarer på spørsmåla nedanfor:

  1. Kva for nokon faktorar trur du er dei viktigaste drivarane for omstilling no?
  2. Korleis påverkar omstillingsprosessar dei tilsette i bransjen?
  3. Skisser ei omstilling du meiner vil bli nødvendig i framtida, og forklar korleis du ville ha gjennomført omstillingsprosessen i ei tenkt bedrift.
Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 12.05.2021