Kontorvikar AS - Kontorvikar AS lagar rekneskap - Administrasjon og berekraftig drift (SR-SSH vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Kontorvikar AS

Kontorvikar AS lagar rekneskap

CC BY-SA 4.0

Kontorvikar AS har eksistert i ein månad og skal no ferdigstille den første månadsrekneskapen sin.

Oppgåve

Kontorvikar AS lagar rekneskap

Jentene i Kontorvikar AS jobbar hardt og er no klare til å ferdigstille den første månadsrekneskapen sin.

Om Kontorvikar AS

Janne og Stine har nettopp teke fagbrev i service- og administrasjonsfaget. Dei veit at lokale bedrifter treng ekstra tilsette i travle periodar. Derfor har dei oppretta sitt eige aksjeselskap, som skal selje administrasjons- og rekneskapstenester.

Verken Janne eller Stine har godkjent rekneskapsutdanning enno. For å få det må dei ta bachelorutdanning i administrasjon og økonomi, med fokus på rekneskap. Dei kan likevel leigast inn til bedrifter for å gjere enkle oppgåver, under føresetnad av at rekneskapsarbeidet blir kontrollert av ein rekneskapsførar.

Kontorvikar AS er lokalisert i Alta og skal derfor ikkje betale arbeidsgivaravgift.

Inngåande balanse

Kontorvikar AS har desse balansepostane per 1. januar 20xx:

  • Inventar: 75 000 kr

  • Bankinnskot: 100 000 kr

  • Banklån: 100 000 kr

  • Eigenkapital: ?

Kontoar i rekneskapen

I tillegg til postane som viser inngåande balanse, bruker Kontorvikar AS desse kontoane i rekneskapen:

  • skuldig skattetrekk

  • kundar: 15015 Altabygg AS og 15016 Alta interiør AS

  • leverandør: 24010 Merkevare AS

  • utgåande mva.

  • inngåande mva.

  • oppgjerskonto mva.

  • skuldig feriepengar

  • salsinntekter

  • lønn

  • feriepengar

  • avskriving på inventar

  • husleige

  • anna driftsmateriell

  • salskostnader

  • andre driftskostnader

  • rentekostnader

Oppgåve

  1. Bruk den vedlagde arbeidsboka, eller lag di eiga.

  2. Set inn namn og nummer på kontoane du skal bruke.

  3. Før inngåande balanse og dei økonomiske forretningstilfella for januar.

  4. Avslutt rekneskapen.

  5. Kommenter resultatet og balansen.

Arbeidsbok
Forretningstilfelle i januar 20xx
DatoTekstBeløp i kroner
2.1.Kjøper pennar, blokker og anna til kontoret
(blir ført på andre driftskostnader)
450
3.1.Betaler husleige8 000
4.1.Betaler avdrag på lån2 000
4.1.Betaler renter på lån500
7.1.Sender faktura til kunden Altabygg AS på 60 timar à 632 kr inkl. mva.
Kunden får 14 dagars betalingsfrist.
?
9.1.Får faktura frå Merkevare AS, som lagar ein salskampanje for Kontorvikar AS. Fakturaen er på 6 500 kr inkl. mva., og betalingsfristen er 14 dagar.6 500
12.1.Lønnsutbetaling til Janne og Stine. Utgangspunktet for utrekning av skatt er ei inntekt på 500 000 kr i året til kvar:
Bruttolønn74 404
Skattetrekk17 634
Feriepengar, 12 %8 928
Nettolønn?
15.1.Sender faktura til Alta interiør AS på 90 timar à 632 kr inkl. mva.
Kunden får 14 dagars betalingsfrist.
?
21.1.Får betaling frå Altabygg AS?
23.1.Betaler fakturaen frå Merkevare AS, motteken 9.1.?
29.1.Får betaling frå Alta interiør AS?
29.1.Kjøper nye telefonar til begge eigarane, kr 18 000 inkl. mva.18 000
30.1.Overfører utgåande mva. til oppgjerskonto mva.?
30.1.Overfører inngåande mva. til oppgjerskonto mva.?
31.1.Avskriv inventar med 30 % saldoavskriving1 875
Løysingsforslag
Skrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2022