Betongarbeid - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Betongarbeid

Eigenvurdering

Kva kan du om betongfaget?

Klarar du å svare på alle spørsmåla om betongfaget?

Betongfagarbeidar

  1. Ein betongfagarbeidar jobbar innanfor tre hovudområde: armering, forskaling og støyping. I kva rekkjefølgje blir jobbane gjorde når vi skal lage ein bankett/sole?
  2. Nemn to måtar å binde saman armering på.
  3. Beskriv tre typar konstruksjonar som ein betongfagarbeidar kan byggje.
  4. Betong som byggjemateriale er ei blanding av fleire typar materiale. Forklar kva for materiale det er.
  5. Kan du beskrive nokre element som verkar inn på kva tid vi kan rive/demontere ei forskaling?
  6. Kan du forklare minst éin grunn til at vi legg inn armering i betongen?
  7. Du skal støype eit golv med lengd 6000 mm, breidd 3500 mm og tjukkleik 120 mm. Kor mykje betong, i m3, må du bestille for å få støypt dette golvet?
Skrive av Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2019

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Betongarbeid