Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Religionar og religiøsitet

Korleis oppstod det fenomenet vi kallar religion, og korleis kan ein studere religionar og religiøsitet?

Tidlege spor av religion

Studer figurane og diskuter oppgåvene under.

Løvemannen

«Løvemannen» blei funnen i Tyskland og er datert til å vere 32 000 år gamal. Statuetten er ei blanding av dyr og menneske og kan derfor òg vere det eldste kjente eksempelet på avbilding av eit overnaturleg vesen.

Venus frå Willendorf

«Venus frå Willendorf» blei funnen i Austerrike og er truleg rundt 25 000 år gammal. Figuren kan vere ei avbilding av ei fruktbarheitsgudinne.

Diskuter desse spørsmåla med ein medelev:

  1. Korleis og kvifor oppstod religion?
  2. Har religion alltid eksistert?
  3. Kan vi lære noko om korleis religionane oppstod, ved å undersøkje religiøsitet i for eksempel eit jegar-/sankarsamfunn i Amazonas?
  4. Det å undersøkje religion og det å undersøkje religiøsitet er to forskjellige ting. Kva går forskjellen ut på?
  5. Korleis vil de gå fram i dei to ulike tilfella?
  6. Bør vi slutte å bruke omgrep som «religion» og «verdsreligionar», eller er dette framleis nyttige omgrep?
  7. Kva er i tilfellet alternativet?
Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 05.01.2026