Hopp til innhald

Oppskrift på ein konspirasjonsteori

For mange kan konspirasjonsteoriar vere underhaldande og spennande, men dei kan òg vere farlege både for enkeltpersonar og for samfunnet. Korleis kjenner vi igjen konspirasjonsteoriar? Følger slike teoriar ei fast oppskrift?

Lær om konsiprasjonsteoriar

I oppgåva "Lag dykkar eigen konspirasjonsteori" skal du setje deg inn i kva som ligg i konspirasjonsteoriar, og utforske korleis ein konspirasjonsteori er konstruert for å manipulere menneske. Du skal lære å gjere greie for kjenneteikn ved konspirasjonsteoriar og vurdere korleis ein konspirasjonsteori er sett saman. Deretter skal du lage din eigen konspirasjonsteori basert på ei "oppskrift".

Ein måte å nærme seg temaet på er bruke varierte ressursar om konspirasjonsteoriar. I tillegg til fagartiklar kan du bruke podkast, digitale spel og ulike Fordjup deg vidare-oppgåver for å skaffe deg oversikt over temaet. Deretter skal du setje deg inn i kvifor så mange trur på konspirasjonsteoriar, før du sjølv skal "lage" din eigen konspirasjonsteori.

Jobb med konspirasjonsteoriar som eit klasseprosjekt

Ein måte å jobbe med det tverrfaglege temaet konspirasjonsteoriar på i klassen kan vere å gjere det til eit prosjekt som går over ein avgrensa periode. Konspirasjonsteoriar er eit viktig og sentralt tema som inngår i læreplanane i ulike fag. Temaet eignar seg derfor godt som utgangspunkt for tverrfagleg samarbeid, og det er mange moglegheiter for å nærme seg temaet frå ulike vinklar, i ulike fag.

Det finst fire opplegg på NDLA som tek for seg konspirasjonsteoriar frå ulike innfallsvinklar. Desse kan kombinerast og til dømes bli brukte til gruppearbeid i eit tverrfagleg prosjekt:

Relevante fag: samfunnskunnskap, norsk, engelsk, historie, religion og etikk, mediesamfunnet 1, mediesamfunnet 2, politikk og menneskerettar, sosialkunnskap, sosiologi og sosialantropologi

Skrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2022