Operasjon Dagsverk 2025

Kva er Operasjon Dagsverk?
Operasjon Dagsverk (OD) er Noregs største solidaritetsaksjon av, med og for ungdom. Kvart år arrangerer OD informasjonskampanjen Internasjonal uke (IU) som skular i heile Noreg kan delta på. Her lærer elevane om kva som er med på å gjere verda urettferdig, sett i lys av OD-prosjektet i år og rolla vår i verda.
På aksjonsdagen i oktober/november – sjølve OD-dagen – kan elevane velje å jobbe til inntekt for årets prosjekt, som støttar ungdom og utdanning i ein annan del av verda.
Årets prosjekt i Kenya og Tanzania
OD-prosjektet i år er i samarbeid med FOKUS, og støttar ungdom i Kenya og Tanzania. Jenter i Kenya og Tanzania står ovanfor ein trussel mot menneskerettane sine. I Kenya og Tanzania er kjønnslemlesting og barneekteskap eit stort problem, og OD-prosjektet i år skal, saman med lokal ungdom, forandre desse skadelege skikkane.
Nedst på sida finn du utvalde undervisningsopplegg knytt til årets prosjekt. Opplegga er utarbeidde av Operasjon Dagsverk.
Meir informasjon og fleire undervisningsopplegg finn du på nettsidene til Operasjon Dagsverk:
På NDLA kan de sjå dokumentarfilmen Ørkenblomsten, som tematiserer kjønnslemlesting. Vi har laga oppgåver i fleire fag til filmen: